Jakobsstaven
Frå Safon.org
- Denne artikkelen handlar om stjernebildet Jakobsstaven. For måleinstrumentet med same namn, sjå Jakobsstav.
Stjernebildet Jakobsstaven, òg kjent under namnet Orions belte. Dei tre hovudstjernene er markerte med greske bokstavar. Frå høgre mot venstre ser vi stjernene Mintaka, Alnilam og Alnitak. (Basert på foto av «ComputerHotline»)
Jakobsstaven er eit stjernebilde med tre stjerner på rett line. Dette stjernebildet, som blant anna er kjent som Jakobsstaven på norsk, svensk og dansk og som De tre vise männen på svensk, er òg kjent som Orions belte og inngår som ein asterisme (ein del av ein offisiell konstellasjon) av Orion, som i tidlegare tider òg har vore kalla Jakob. Frå høgre mot venstre er dei tre hovudstjernene kjente som:
| Vitskapleg stjernenamn (latin) | Arabisk stjernenamn | Tradisjonelt stjernenamn |
|---|---|---|
| Delta Orionis (δ Ori) | منطقة manṭaqah, ‘belte’ | Mintaka |
| Epsilon Orionis (ε Ori) | النظام an-niẓām, av نظم naẓm ‘perlekjede’ | Alnilam (òg stundom skrive Alniham, Alnitam) |
| Zeta Orionis (ζ Ori) | an-niṭaq, ‘livreima’ | Alnitak |
