Jødiske jentenamn - Safon.org

Jødiske jentenamn

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Innhaldsliste

I samband med zebed habbát (den sefardiske namngjevingsseremonien for jenter) eller eit av dei fleire ulike asjkenaziske namngjevingsrituala får jødiske jenter sitt eige namn. Etter sefardisk skikk kan born kallast opp etter levande slektningar. Primært kallar ein gjerne opp etter besteforeldra — første dotter etter farmor, andre dotter etter mormor — og deretter etter andre slektningar. I nokre sefardiske tradisjonar kan borna kallast opp direkte etter foreldra. I asjkenazisk skikk er det stort sett tabu å kalle opp etter levande slektningar.

I det følgjande oversynet er den klassiske sefardisk-hebraiske, kastiljanske, jødespanske eller jiddische forma ført opp som oppslagsform, og nokre av dei mange ulike skrivemåtane som blir bruka i praksis er oppgjevne i parentes.

[endre] Generelt

  • Abigájil (Abigail)
  • Deborá (Deborah, Devora, Dvora) — sjå Sjófetím (Domarane), kap. 4–5.
  • Diná (Dina, Dinah, Deena, Dena, Dine)
  • Elisjébaŋ (Eliševa, Eliseba, Elseba, Elsebe; Elisabeth, Elisabet; Elisa, Elise, Elsa, Else, Lisa, Lise)
  • Estér (Ester, Esther)
  • Ḥajjá חַיָּה (hebr.) (Hayya, Haya, Chaya, Chaia, Chaja, Chaye, Chaie, Chaje)
  • Ḥanná חַנָּה (hebr., ‘nådig’) (Hanna, Hana, Channa, Chana; Hanne, Hane, Channe, Chane, Chanah; Anna, Anne, Ana, Ane; Anita, Annette, Anette)
  • Ḥuldá (Hulda)
  • Jaŋél (Ja‘él, Ja’él, Yael, Jael) — sjå Sjófetím (Domarane), kap. 4–5.
  • Jehudít (Judit, Judith)
  • Lē’á לֵאָה (Lea, Leah, Leia)
  • Margalít (Margalith; Margarita, Rita; Margaretha, Margareta, Margreta, Margrete, Margit, Marita, Marit, Maret; Rita; Greta, Grethe, Grete)
  • Mikhál (Michal) — (dotter av kong Šaul)
  • Mirjám (Miryam, Miriam, Mirjam, Maryam; Marja, Maria, Marie, Mari, Mary)
  • Raḥél (Rahel, Rachel, Rakel)
  • Ribká (Ribqa, Rivka, Rebekka, Rebecka, Rebecca, Rebekah, Rebecah)
  • Rút (Ruth, Rut)
  • Sará (Sara, Sarah)
  • Ṣipporá (Sipora, Sepora, Tsipora, Sepora, Tzippora, Zippora)
  • Sjosjanná (Schoschana, Susanna, Susanne; Sanna)
  • Tamár
  • Tobá (Tobah, Tovah, Tová, Tova, Tove)

[endre] Sefardím

[endre] Mizraḥím

  • Djamila (frå arab. ‘vakker’; Djamela, Jamila, Jamela)

[endre] Asjkenazím

  • Beile (frå italiensk Bella)
  • Bróche (Brocha; frå hebraisk berakhá ‘velsigning’)
  • Gittl (Gittel, Gitl, Gitel)
  • Glikkl (Glikl, Glückl)
  • Golde (Golda)
  • Ide (Ida)
  • Kreindl (Kreindel)
  • Perl (Perel, Perle)
  • Reizl (Reyzl, Reyzel, Reisel, Rösel, Rösl; Reisele, Reisale, Reizele, Reizale)
  • Sheine (Scheine, Schejne, Szejne, Sheine, Sheyne, Shayne, Shayna; Schöne; Scheindl, Sheindl, Schönel)
  • Sóre (Sore, Sure; frå Sará)
  • Zisl (Sissl, Süßel)
Personlege verktøy