Jødisk mat - Safon.org

Jødisk mat

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Jødisk mat er samlenamnet på matretter og kokekunst som er typisk for éi eller fleire jødiske folkegrupper og som normalt følgjer kasjrút-reglane.

Tre ting karakteriserer jødisk mat:

  1. Matrettene er sterkt påverka av tilgjengelege råvarer, og i varierande grad òg av typiske matretter i ikkje-jødiske nabokulturar.
  2. Oppskriftene er tilpassa jødiske matføreskrifter (kasjrút) med omsyn til kva råvarer som kan brukast, kva kategoriar av råvarer som kan kombinerast og korleis råvarene blir handsama.
  3. Matrettene er tilpassa symbolikken i den jødiske veke-, års- og livssyklusstrukturen.

Innhaldsliste

[endre] Lokale tradisjonar

[endre] Sefardisk mat

Hovudartikkel: sefardisk mat.

[endre] Asjkenazisk mat

Hovudartikkel: asjkenazisk mat.

[endre] Tradisjonell skandinavisk mat med jødiske røter eller samband

Dei viktigaste bidraga frå jødisk mat i det skandinaviske kjøkenet finn ein rimelegvis langs kysten og i byane.

Frityrsteikt fisk, sukkerbrød («pan de España», blautkaker, terter), egg- og sukkerbaserte småkaker («joodse boterkoeken», jødekaker) og kålrulettar (kåldolmar, «dolmas de kol») er dei mest utprega innslaga frå sefardisk (spansk og portugisisk jødisk) kultur — saman med den utprega fleirkulturelle matretten bacalao, som med sin kombinasjon av norske, iberiske, mellom- og søramerikanske råvarer er populær blant jødar, katolikkar og muslimar i Spania, Portugal, Nord-Afrika og Latinamerika — og langs deler av norskekysten. Når det gjeld dessertar, så er puddingar som rispudding og semulepudding typiske innslag frå Middelhavslanda og Midtausten som nådde Nord-Europa bl.a. gjennom sefardisk kultur.

Det sterkaste asjkenaziske (sentral- og austeuropéisk-jødiske) innslaget i skandinavisk mat er frøloffen eller fletteloffen. Dette brødet blir nokre stader i Skandinavia kalla «birkes» (København), «bergis» (Göteborg) eller «barkis» (Stockholm). Opphavet er det vest-asjkenaziske sjabbátbrødet «berches». Andre matretter er felles for skandinavisk og asjkenazisk kultur utan at vi kan seie sikkert kva veg påverknaden har gått — slik som honningkakelekkech»), pannekaker («blintses»), eggesalat («gehakkte aier») og hønsesuppe («goldene jouch», «goldzup»). Opprinneleg skandinavisk mat som har vorte adoptert som asjkenazisk mat inkluderer røykelaks (kalla «lox» blant nordamerikanske asjkenazím), gravlaks, spekesild og sildesalatgehakkte herring»).

Bakverk

Middag

Dessert

[endre] Kasjrút

Hovudartikkel: Kasjrút.

[endre] Høgtidsmat

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

[endre] Oppskrifter

[endre] Skandinavia

[endre] Utlandet

Personlege verktøy