Jødar - Safon.org

Jødar

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Jøder)
Jump to: navigation, search

Innhaldsliste

Jødar er medlemmer av religionen jødedom og/eller medlemmer av ei folkegruppe, eller ei gruppe nærskylde folkegrupper, som hovudsakleg praktiserer jødisk religion.

I sin tilsynelatande motsetnad mellom ein klar etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk spreiing og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klar definisjon ikkje ulike dei tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe(r).

[endre] Legal definisjon av ‘jøde’ etter halakhá

Etter rabbinsk-jødisk religiøs lov (sjå → Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller (2) om du har konvertert til jødedommen. Nokre andre jødiske grupper reknar farsarven som avgjerande for om nokon er jødisk. I dei moderne rabbinsk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nokon som jødisk anten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ei jødisk oppseding.

[endre] Prestar og levittar

I følgje Bibelen var israelsfolket opphavleg inndelt i tolv stammar. Dette stammesystemet braut i hovudsak saman for over 2000 år sidan, med unntak av Levi (levittane), med si undergruppe kohaním (prestar). Desse to gruppene har framleis sine spesifikke rollar i synagogen — noko som kan ha vore med på å halde oppe identiteten deira. Stammetilknytinga blir, i motsetnad til det å vera jøde, arva på farssida.

[endre] Konvertering

Det jødiske synet på misjon og konvertering har variert mykje gjennom historia og varierer òg mykje mellom ulike jødiske grupper. I asjkenazisk ortodoks jødedom er hovudsynet at misjon er ulovleg og at konvertering bør vera ein lang prosess med høge krav. Andre retningar av jødedommen har for det meste meir toleranse for misjon og ein noko enklare konverteringsprosess — noko som fører med seg at ikkje-ortodokse konverteringar ofte ikkje blir godtekne av ortodokse rabbinarar.

[endre] Etnisk inndeling

Viktige etniske undergrupper av jødar inkluderer dei relativt nærskylde sefardiske, italkiske og asjkenaziske jødane, og i tillegg mange undergrupper av mizraḥiske jødar. Grupper som skil seg sterkare ut inkluderer mellom anna Beta Esrael frå Etiopia og bene Israel frå India.

[endre] Språk

I dei fleste jødiske gruppene er hebraisk det grunnleggjande språket for kulturelt samanbindande religiøse ritual, inkludert livssyklusritual. Dei tradisjonelt sett viktigaste unntaka er Beta Esrael og bene Israel, som hadde mist hebraisk som språk ein gong føre nyare tid. Viktige språk med halvsakral status inkluderer arameisk i dei fleste jødiske gruppene, og lokalt òg språk som jødearabisk, spansk, djudíospanjol (jødespansk), portugisisk, gresk og jiddisch.

Morsmål har tradisjonelt vore eit av språka nemnde ovanfor eller andre lokale språk i området der ein budde.

Blant asjkenazím har jiddisch vore morsmål sidan mellomalderen, og sjølv om talet på jødar med jiddisch morsmål er sterkt redusert i vår tid, har språket framleis brei appell som kulturelt ikon bland asjkenazím — særleg i Europa og Nord-Amerika

Hebraisk gjekk av bruk som morsmål ein gong kring byrjinga av den moderne tidsrekninga, men var gjennomgåande bruka i religiøs samanheng ved sida av arameisk og etterkvart arabisk. Frå kring 1000-talet av vart hebraisk bruka i aukande grad for dikting, jødisk teologi, filosofi og vitskap.

Som munnleg spontanspråk har hebraisk vore i bruk i varierande grad i handel, jødisk utdanning og internasjonalt samkvem meir eller mindre kontinuerleg. I Éreṣ Jisra’él (det historiske Israel, delar av det historiske landskapet Palestina) har hebraisk vore mykje i bruk (ved sida av arabisk og djudíospanjol) blant sefardím og mizraḥím sidan slutten av 1400-talet.

Hebraisk som morsmål vart atterinnført av hovudsakleg asjkenazím med grunnlag i lokal sefardisk dagleguttale sist på 1800-talet.

[endre] Matkultur

Ein vesentleg samlande faktor for jødar som etnisitet er matkulturen. Det er særleg tre faktorar som bind dei ulike tradisjonane saman:

[endre] Jødar i Noreg

I hovudtrekk har asjkenazím vore nekta innreise og busetjing i Noreg frå 1600-talet og fram til 1814, med enkelte periodar der innreise (men ikkje busetjing) lét seg gjera med leidebrev. Sefardím hadde derimot for det meste innreise- og bustadsrett føre 1814, men svært få benytta seg av dette.

Frå 1814 av var det totalt innreiseforbod for alle jødar. Sefardím fekk atterstadfest innreise- og busetjingsretten av den norske høgsteretten i 1845, men asjkenazím fekk ikkje innreise- og bustadsrett før grunnlovsendringa i 1851.

Sidan slutten av 1800-talet har det eksistert jødiske trussamfunn i Oslo og Trondheim. På første halvdel av 1900-talet var det òg mindre jødiske samfunn i byar som Bergen, Drammen og Kristiansund, men desse vart stort sett lagt øyde under andre verdskrigen med nazistane sin deportasjon av norske jødar i 1942 til dødsleirane i Auschwitz.

I dag er jødar offisielt definerte som nasjonal minoritet i Noreg.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy