Jærhus
Frå Safon.org
Jærhus er ein type hus som er rekna som typisk for Jæren i Rogaland fylke. Hustypen vart mykje bruka fram mot dei første åra på 1900-talet. Etter kvart vart hustypen rekna som gamaldags, og mange slike hus vart rivne for å gje rom for meir moderne typar. Det finst truleg berre noko over 100 jærhus att. Få av desse er frå tida før 1800, og få er tekne vare på i opprinneleg stil.
Husa vart bygde der landskapet kunne gje ly for vinden. Husa vart helst plasserte slik at vinden frå nordvest trefte gavlen, der skutar av stein tok av for det verste. Ein skut er eit utbygg på kvar side av huset. Ein skut har gjerne skråtak og kunne bli bruka som lagringsplass for torv vinterstid. Slik fekk ein ekstra isolering mot naturkreftene. Sjølve huset er gjerne bygd av tre, men med delar kledd med stein. Bordkledinga er gjerne liggjande panel, såkalla vestlandspanel. Slik var det lettare å skifte ut trebord som lett rotna nede ved bakken i det våte klimaet. I eldre tider vart gjerne bordkledinga tjørebredd. Seinare tok ein til å måle med brun eller mørkeraud husmåling. Frå kring 1830 vart husa kvitmåla. Kvitmåling var dyrt, slik at mange måla berre fasaden. Taket vart tekt med halm eller gras, og seinare gjerne tegl eller skifer. Dei fleste jærhusa er korte og låge, med ein og ein halv etasje i høgda. I tillegg til skutar har eit typisk jærhus sâltak og inngangsdør med bislag i tillegg til bakdør nokolunde midt på huset. Det er gjerne to glas på kvar side av inngangsdøra.
Omgrepet jærhus vart først bruka av samfunnsforskaren Eilert Sundt i 1862.
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
[endre] Litteratur
- Marta Hoffmann: Jærhuset, Norsk Folkemuseum 1943.
- Torunn Måseidvåg: Registrering av jærhus i Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Klepp, Time, Gjesdal, Hå, Rapport utgjeven av Rogaland Fylkeskommune og kommunane, 2000.
- Ingebjørg Reigstad: Jærhuset, i Sjå Jæren Årbok for Jærmuseet 1997, s. 9 - 28.
- Eilert Sundt: Om bygingsskikken på landet i Norge, 1862.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
