Italkisk jødedom - Safon.org

Italkisk jødedom

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Italkisk jødedom, òg kalla minhàg bené Roma, er den opphavlege italienske greina av rabbinsk jødedom. Italkisk jødedom står på mange vis i ei mellomstilling mellom sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, men har òg svært mange fellestrekk med den alderdommelege romaniotiske jødedommen.

[endre] Rituale

Det italkiske ritualet finst i mange lokale avskygningar med stor variasjon. I nord er det mykje asjkenazisk påverknad, mens det i sør er mykje større grad av sefardisk påverknad. Ein felles tendens er at ritualet er alderdommeleg og ofte meir kortfatta enn dei fleste moderne sefardiske og asjkenaziske tradisjonane.

[endre] Synagogar

Italkiske synagogar har gjerne den samme bipolære planløysinga som sefardiske og romaniotiske synagogar, med Hekhál i eine enden av rommet og tebáen i andre enden.

Personlege verktøy