Ira Eisenstein
Frå Safon.org
Rabbinar Ira Eisenstein (1910–2004) grunnla saman med Mordecai Kaplan den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Rekonstruksjonistisk jødedom var under denne første tida ei radikal fløy innanfor amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskild som ei sjølvstendig retning av jødedommen med opprettinga av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968.
Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fekk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan. Eisenstein tente i løpet av karrieren sin som rabbinar ved Society for the Advancement of Judaism, som religiøs leiar av Anshe Emet Synagogue i Chicago og i Reconstructionist Synagogue of the North Shore på Long Island i New York. Frå 1935 til 1981 var Eisenstein redaktør for tidsskriftet The Reconstructionist, og frå 1959 til 1970 var han president for Jewish Reconstructionist Federation.
[endre] Kjelder
- «Ira Eisenstein» på Engelsk Wikipedia
- The Jewish Exponent, 5. desember 2004
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
