Innherad - Safon.org

Innherad

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Innherad (nynorsk) eller Innherred (bokmål) er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskuterte. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei åtte kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran, Mosvik og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.

Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.


NORD-TRØNDELAG
NAMDALEN: Flatanger | Fosnes | Grong | Høylandet | Leka | Lierne | Namdalseid | Namsos | Namsskogan | Nærøy | Overhalla | Røyrvik | Snåsa | Vikna | INNHERAD: Frosta | Inderøy | Leksvik | Levanger | Mosvik | Steinkjer | Verdal | Verran | STJØRDALEN: Meråker | Stjørdal (& Selbu og Tydal i Sør-Trøndelag)



GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Innherred» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy