Innersetra på Tustna - Safon.org

Innersetra på Tustna

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Fakta om Innersetra
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gardsnummer: 224
Postnummer: 6590


Postkort frå føre 1926 som viser Slettet/Steinteigen, Trøa og Teigen.
Postkort frå føre 1926 som viser Slettet/Steinteigen, Trøa og Teigen.

Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmør i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Solåsundet og grensar til Hals i sør og Storsetra i nord.

Historiske namneformer inkluderer Indsettir (1590), Inndersedt (1643), Jnderset (1647), Indersetter (1661, 1667) og Indre Sætter (1723).

Innhaldsliste

[endre] Næringsliv

I matrikkelutkastet for 1723 er det opplyst at det låg ei lita bekkekvern til Innersetra som det vart svara 4 skilling i kverntoll for. Det låg tidlegare laksevorpe under garden, men i nyare tid har det vore bruka kilenot i staden.

[endre] Gardsbruk

[endre] Bnr. 1: Indresæter

Våningshuset på Innersetra. (Foto: Olve Utne)
Våningshuset på Innersetra. (Foto: Olve Utne)

I Skattematrikkelen 1647 står Carll Jnderset nemnt med 1 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står Oden Wgelstad med 1 øre skyld.


[endre] Skipsbygging og fiskeindustri

Pause i kleppfiskarbeidet på fiskberga ved Innersetra på Tustna på Nordmør kring 1950. Fjellet i bakgrunnen er Stabben på Stabblandet. Folka bå bildet er: Bak frå venstre: Peter Halle (1929–2007), Asbjørn Knutshaug (f. 1925). Midten frå venstre: Birger Nordvik (f. 1930), Gunnvor Glomstad (f. 1930), Arne Kaald (f. 1931), Erling Glomstad (f. 1927), Ova Stabben (f. 1928). Fremst: Harald Glomstad (f. 1928).
Pause i kleppfiskarbeidetfiskberga ved Innersetra på Tustna på Nordmør kring 1950. Fjellet i bakgrunnen er Stabben på Stabblandet. Folka bå bildet er: Bak frå venstre: Peter Halle (19292007), Asbjørn Knutshaug (f. 1925). Midten frå venstre: Birger Nordvik (f. 1930), Gunnvor Glomstad (f. 1930), Arne Kaald (f. 1931), Erling Glomstad (f. 1927), Ova Stabben (f. 1928). Fremst: Harald Glomstad (f. 1928).
Måleri av jakt «Johanna» av Indresæter, bygd 1893.
Måleri av jakt «Johanna» av Indresæter, bygd 1893.


[endre] Bnr. 2: Teigen

Det gamle huset i Teigen hadde fjøs i eine enden og hus i andre. I 1950 vart det bygd nytt hus, og det gamle huset vart rein låve. (Foto: Olve Utne)
Det gamle huset i Teigen hadde fjøs i eine enden og hus i andre. I 1950 vart det bygd nytt hus, og det gamle huset vart rein låve. (Foto: Olve Utne)
Teigen sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)
Teigen sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)

Teigen (uttale: [tɛ:’n] (N/A), ['tɛɩa] (D)) var opprinneleg husmannsplass. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve to kyr, fem sauer, ⅓ tynne havre og ½ tynne poteter.

Plassen vart frådelt b.nr. 1 ved skylddeling den 19. september 1870 og vart kjøpt ut som sjølveigande bruk den 5. oktober same året.

[endre] Bnr. 3: Trøa

Trøa sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)
Trøa sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)

Trøa (uttale ['trø:a] (N/A), ['trø:’n] (D)) var òg opprinneleg husmannsplass. Første husmannen ein veit om i Trøa, Ola Andersson, fekk festeseddel den 24. oktober 1823. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve tre kyr og åtte sauer, og dei sådde ei tynne havre og sette ei tynne poteter. Trøa vart sjølveigande bruk i 1870. I 1877 kom smeden Gjermund Gjermundsson Berven til gards, og han fekk skøyte på Trøa i 1885. I 1900 kom det telefonstasjon til Trøa, og frå 1945 vart det postkontor i Trøa òg. Trøa var heimgarden til Johannes Berven.

[endre] Bnr. 4: Steinteigen/Slettet

Slettet (Steinteigen) sett frå Solåsundet. Til venstre i bildet ser vi Hals skule. I bakgrunnen, rett over skuletaket, skimtar vi Furuly (bnr. 5) (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)
Slettet (Steinteigen) sett frå Solåsundet. Til venstre i bildet ser vi Hals skule. I bakgrunnen, rett over skuletaket, skimtar vi Furuly (bnr. 5) (Foto: Olve Utne, 2. juli 2007)


[endre] Bnr. 5: Furuly

Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 4 (Steinteigen/Slettet) i 1962.

[endre] Bnr. 6: Skogly

Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 1 i 1966.

[endre] Andre

[endre] Kjelder

Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986. Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5.

Personlege verktøy