Ingerd Ottisdotter
Frå Safon.org
Fru Ingerd Ottisdotter (Rømer) (ca 1470–1555), eller fru Inger til Austrått, var adelskvinne, godseigar og lensstyrar, mest kjent som eigar av Austrått. Skodespelet Fru Inger til Østeraad (1857 av Henrik Ibsen er laust basert på livet hennar.
Ingerd Ottisdotter Rømer vart fødd på Sigerstad i Østfold kring 1470 av foreldra Otte Matssøn Rømer og Ingeborg Lydersdatter Struds. Ho gifta seg i eller føre 1494 med riksråd og rikshovmeister Niels Henrikssøn («Gyldenløve») (kring 1458–1523). Fru Ingerd spela ikkje noka offentleg rolle medan ektemannen levde og vart ikkje nemnt i brev eller diplom i denne perioden. Ekteskapet mellom Niels og Ingerd var i seg sjølv løysinga på ei arvestrid om Austrått mellom to familiegreiner, ettersom Niels var son av ein tidlegare eigar, Henrik Jensson.
Kort tid etter at Niels dødde trer enkjefrua fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka til at to av svigersønene til Ingerd vart drepne. På den andre sida fór ikkje fru Ingerd varsamt fram heller; ho opptredde aggressivt i fleire tvilsamme arve-rettsaker. Bjørkvik skriv at “ho var godsrik oog hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål.” Han nemner tre større rettssaker som ho tapte.
| Borna deira Barna deres | Foreldre Foreldre | Besteforeldre Besteforeldre | Oldeforeldre Oldeforeldre |
|---|---|---|---|
| Ingerd Ottisdotter (Rømer) f. kring 1470, Sigerstad i Østfold d. 1555, Rovdefjorden på Sunnmør | Otte Matssøn Rømer f. , d. kring 1510, | Mads Jakobson Rømer f. , d. 1458, | Jakob (Grip) Fastulvson f. , d. , |
| Elsebe Ottesdt. Rømer f. , d. 1453, | |||
| Gro Alvsdt. Bolt f. e. 1400, d. 3. mai 1472, | Alv Haraldson Bolt f. mellom 1336 og 1342, Tønsberg i Vestfold d. 13. mars 1412, Skaraborgs län i Sverige | ||
| Katarina Jonsdt. Sudrheim f. 1378 eller 1384, d. mellom 1455 og 1475, | |||
| Ingeborg Lydersdt. Struds f. , d. , | Lyder f. , d. , | ' f. , d. , | |
| ' f. , d. , | |||
| ' f. , d. , | ' f. , d. , | ||
| ' f. , d. , |
I 1552 overførte enkjefru Inger Austråttgodset til dottera Lucie Nilsdatter og svigersonen Jens Tillufssøn Bjelke. Inger og Lucie drukna saman på Rovdefjorden under en båtreise på Sunnmør i 1555. Dei ligg gravlagde under golvet i Ørland kirkje. Jens dødde i 1559, og sonen Åge Bjelke (1552–1603) tok over Austrått i ein alder av sju år. Formyndar en hans var Henrik Nielsson, morfaren Niels sin son frå eit tidlegare ekteskap.
[endre] Etterslekt
Ingerd og Niels hadde fem døtrer som alle vart gifte med dansk-norske adelsmenn
- Margrete (ca 1495–1550), gift med Vincens Lunge, og deretter med Jens Splid
- Eline (d. 1532), gift med Niels Lykke
- Anna (d. 1557), gift med Erik Ugerup
- Ingeborg (ca 1507–1597), gift med Peder Hanssøn Litle
- Lucie Nilsdotter (d. 1555), gift med Jens Tillufssøn Bjelke
[endre] Fru Ingerd i kunsten
- Skodespelet Fru Inger til Østeraad av Henrik Ibsen vart urframført i 1855, utgjeve i 1857 og på nytt i revidert utgåve i 1874. Stykket vart filmatisert av Sverre Udnæs i 1975, med Ingerid Vardund i tittelrolla.
- Fru Ingerd opptrer òg i Edvard Hoem og Henning Sommero sin slottsopera Lucie, som blir framført årleg på Steinvikholmen.
[endre] Litteratur
- Bjørkvik, Harald: «Ingerd Ottesdatter», i Norsk biografisk leksikon (2. utg., 2002), b. 5.
- Bratberg, Terje: «Austråtts eiere fra vikingtiden til 1719», i Årbok for Fosen, 1994.
- Koht, Halvdan: «Ingerd Ottesdatter», i Norsk biografisk leksikon (1. utg., 1934), b. 6.
- Daae, Ludvig: «Fru Inger Ottesdatter og hendes døtre», i Historisk Tidsskrift, bd 3. 1874.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ingerd Ottesdatter» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
