Hollendartida - Safon.org

Hollendartida

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Hollendertida er i norsk historie eit omgrep for perioden frå kring 1500 til kring 1800/1850[1], spesielt i samband med kysthistorie på Sørlandet, Austlandet og på Vestlandet og heilt opp til Nordmør.

1500- og 1600-talet vart Nederland den leiande skipsbyggjarnasjonen på det europeiske kontinentet. For å halde på denne posisjonen trongst det tilgang på store mengder tømmer av god kvalitet; for å laga skipsplankar er treng ein lange, rette tre med nok spenst til å kunna bøyast og samtidig nok fastheit til å tola hardt vêr. Nederland var fattig på eigna skog, mens Noreg hadde store mengder tømmer som kunne kjøpast til ein rimeleg pris. Dermed begynte ein omfattande handel mellom Nederland og norske ladestader.

I Nederland trongst det òg tømmer til fundament under store bygningar. Amsterdam er bokstaveleg tala bygd norsk tømmer.

Hollendarane hadde òg med seg varer for sal. Keramikk var ei viktig vare; og ganske sikkert er det slik at noko av keramikken hadde flytande innhald da varene kom fram til norske hamner.

I tillegg til at skogeigarar og sagbrukseigarar kunne tene godt på handelen, kom han òg ladestadene til gode på ein svært direkte måte, ettersom det var eksporttoll på tømmer. Tollinntektene frå tømmereksport var mange stader enorme, og annan handel og industri voks opp som følgje av velstanden. Mange av ladestadene kunne derfor klara seg godt økonomisk også etter at tømmereksporten vart borte.

[endre] Fotnotar

  1. Varigheita av hollendartida varierer frå ladestad til ladestad; 1850 blir rekna som ei øvre grense, men mange stader begynte ho å komma på hell allereie kring 1750.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy