Hollekreisch - Safon.org

Hollekreisch

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

I ein del tysk-asjkenaziske samfunn var det tidlegare vanleg å gje namn til jenter gjennom ritualet «hollekreisch» eller «holle kreisch». Ritualet var allereie veletablert på 1500-talet, men opphavet til namnet vart gløymt. Dei tre hovudhypotesane er:

  1. at «hol-» heng saman med hebraisk חוֹל [ḥōl], ‘verdsleg’, og heng saman med at jenta får det ikkje-hebraiske namnet sitt;
  2. at «Holle» kjem frå namnet på ei vond fe som ein lyt verne barnet frå så ho ikkje stel det; og
  3. at uttrykket kjem frå fransk «haut le crèche», ‘(løft) vogga høgt’, ‘opp med vogga’.

I den praktiske utforminga av ritualet som vi kjenner det, har alle desse tre forklaringane sett sitt preg.

På den første sjabbáten at mora åt den nyfødde jenta var i synagogen etter fødselen vart ungar i åtte- til tiårsalderen bedne til huset åt foreldra til jenta. Ung­ane forma ein sirkel kring vogga og løfta vogga tre gonger medan dei song: “Holle kreish! Holle kreish! Vós vett zain dós nómen fun unzer kind?” (‘Holle Kreisch! Holle Kreisch! Kva skal vera namnet på ung­en vår?’) Kvardagsnamnet åt jenta (i motsetnad til det hebraiske namnet) vart så ropa ut mens faren las opp 1. verset av 3. mosebok. Nokre stader var det skikk at 3. mosebok vart lagt i vogga, under hovudet åt jenta.

[endre] Ei norsk kjelde

Første gongen dette ritualet finst nemnt i skriftlege kjelder frå Noreg er i lensmann Jens Nielsen Nærrebø si dagbok (1677–1704), s. 44 ff.:

“[...] naar it pige Barn hos Jøderne er 6 vegge gammelt, forsamle sig nogle vnge Piger i Forældrens Huus, Huilcken sætter sig runden omkring vuggen Hos Barnit, som det ligger vdi, Samme Vuggea er omkring, offuer oc offuer behængd med adskiellige Smycker, Sølff Bælter, oc Andet saadan mere udpudhit tøyg, Bemelte unge Piger, opløffte vuggen fra Jorden met Barnit, oc giffuer det saa Naffn oc de som staa ved Hoffuede hos Barnet de ere de som ere fadder til det, naar saadant procese er da holden, giøre de sig it gaat Maaltid, oc lystige met Hin Anden [...]”

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy