Hjort
Frå Safon.org
| Hjort | ||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Hjortar. (Foto: Heinz Seehagel) | ||||||||||||||||||
| Systematikk | ||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||
| Vitskapleg namn | ||||||||||||||||||
| Cervus elaphus L., 1758 |
Hjort (Cervus elaphus), nokre gonger òg kalla dyr, er eit dyr i hjortefamilien. Hjorten er utbreidd over det meste av Europa, og i tillegg er han vanleg kring Tyrkia og Kaukasus. Det finst òg ein bestand i Maghreb, hovudsakleg i det nordlege Tunisia. Den nærmaste slektningen av hjorten er den nordamerikanske wapitihjorten (Cervus canadiensis). Inntil for nokre få år sidan vart desse rekna som same art, men DNA-forskinga dei siste åra har vist at wapitihjorten må reknast som ein eigen art. Hjort og wapitihjort er blant dei aller største dyra av hjortefamilien — berre elgen er større.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Det vanlegaste namnet på hjorten er rett og slett hjort. Mange stader blir hjorten omtala som dyr — jfr. engelsk deer. Hodyra blir oftast kalla kolle, men i eldre litteratur finst òg nemninga hind. Hanndyra blir oftast kalla bukk når det går fram av samanhengen at det er snakk om hjort. Dei velvaksne hanndyra blir ofte kalla kronhjort på grunn av dei store gevira.
[endre] Lenkjer
[endre] Skandinavia
- Hjortenett (Fyresdal i Telemark) — om hjort og hjorteal.
- Riksförbundet för svensk hjortavel (Borensberg i Sverige)
[endre] Bildegalleri
Hjortar ved utkanten av innmarka i Jørenvågen på Tustna ein maikveld. (Foto: Olve Utne) |
To hjortar på ei ekre ovom Nordheim på Stabblandet. (Foto: Olve Utne) |
Hjortar på Sør-Tustna ein seinettermiddag i mai. (Foto: Olve Utne) |
