Safon.org:Retningsliner/Synsvinkel - Safon.org

Safon.org:Retningsliner/Synsvinkel

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Hjelp:Synsvinkel)
Jump to: navigation, search
 Retningsliner 
Brukarar
Opphavsrett
Emne
Synsvinkel
Skrivemåte


«Ein», «dei» eller «vi»?

Safon.org er å rekne som eit generelt pedagogisk hjelpemiddel heller enn som eit reindyrka leksikon. Dermed er det naturleg å bruke meir personlege ytringsmåtar enn ein vanlegvis finn i leksikon som Norsk Allkunnebok, Wikipedia eller Store Norske Leksikon. Vi skriv dermed gjerne «vi» der dette fell naturleg og hjelper lesaren å leva seg inn i stoffet.

NPOV?

Safon.org skil seg ut frå Wikipedia-prosjektet ved at synsvinkelen ikkje er definert som fullstendig nøytral.

Religion og livssyn

Artiklar om alle religionar er velkomne på visse vilkår. Det blir lagt vekt på at artiklar om misjonerande religionar (særleg kristendom og islām) skal vera skildrande (beskrivande) heller enn forkynnande. Merk at islamisme, antiislamisme, antisionisme, antisemittisme og liknande intoleransbaserte grunnsyn ikkje blir godtekne som utgangspunkt for artiklane her.

For retningslinene for artiklar om enkeltereligionar, sjå:

Politikk

Safon.org er partipolitisk uavhengig. Alle bidrag bør vera mest muleg politisk balanserte, og rasisme, stalinisme, fascisme, nazisme, antisemittisme, antisionisme, antiislamisme, antiarabisme, religiøs fanatisme og liknande intoleransbaserte tankesystem blir ikkje godteke som ideologisk grunnlag for artiklane her.

Midtausten

Denne nettstaden er IKKJE ein arena for slagsmål for eller mot Israel eller for eller mot israelsk politikk, politikarar eller politiske parti.

Mat

Oppskrifter er velkomne på Safon.org. Merk at alle oppskrifter som ikkje er vegetariske bør følgje kasjrút (dei jødiske matføreskriftene) og ḥalāl (dei islamske matføreskriftene) der det er muleg. Meir detaljerte retningsliner finst på sida Safon.org:Retningsliner/Emne/Mat.

Personlege verktøy