Hjelp:Hebraisk
Frå Safon.org
Skrivemåten av hebraiske og arameiske ord her på Safon.org skil seg litt ut frå det som ellers har vore vanleg her til lands — for eksempel har det vore vanleg å skrive begge dei ustemte harkelydane som ch som på tysk. Ettersom dei fleste skandinavar er mykje meir vant til engelsk enn tysk i dag, så fører dette lett til misforståingar, og ein trur lett at ord med ch- skal uttalast som tsj- eller sj-. Skrivemåtane ḥ/kh er mykje vanskelegare å tolke feil...
Dei hebraiske orda er alltid skrivne med aksentar på dei trykksterke vokalane om trykket ikkje fell på første stavinga (f.eks. massékhet, Tenákh). Dette kan gjera det litt vanskelegare å bruke søkjemotoren (men vi prøver å laga omdirigeringar) — men samtidig gjer det det mykje lettare å lære seg rett uttale.
Her er eit samandrag av dei viktigaste punkta:
- ב — Bét blir alltid skriven som b her på Hassafon: שַׁבָּת > «sjabbát»; אַבְרָהָם > «Abrahám». Dette er i tråd med både vesteuropeisk sefardisk uttale og norsk bibeltradisjon.
- ח — ch- eller h-lyden (ḥét) som i tysk Bach, men gjerne noko svakare og/eller lengre ned mot strupen, blir skriven som ḥ: חנכה > «ḥanukká».
- ז — den stemte s- eller z-lyden blir skriven som z: זבד > «zebed».
- י — j-lyden (jód) blir skriven som j: יד > «jad».
- כ — ch-lyden (kháf) som i tysk Bach blir skriven som kh: תנ״ך > «Tenákh». Norsk Språkråd har her gjort det noko uheldige valet å skrive denne lyden som (k) — noko som gir feil uttale og samanblanding med andre ord.
- ע — ng-lyden eller kremtelyden (ngájin) blir skriven som ng: עולם «ngolám».
- צ — den emfatiske s- eller ts-lyden blir skriven som ṣ: מצרים > «Miṣrájim». (Andre skrivemåtar ein kan finne i norsk inkluderer (ts), (z) og (tz).)
- ק — den harde k- eller q-lyden (qóf) blir skriven som k (eller stundom som q): קדוש > «kiddúsj». Q blir uttala enten som ein vanleg k eller som ein k som ligg lengre ned mot strupen. Ein seier ikkje kv eller kw!
- ש — sj-lyden (sjín) blir skriven som sj: שבת > «sjabbát». Norsk språkråd opererer med tre ulike skrivemåtar — (sj), (sch) og (s).
[endre] Sjå òg
- Hjelp:Arameisk
- Hjelp:Djudíospanjol
- Hjelp:Hebraisk
- Hjelp:Jiddisch
- Hjelp:Pandjābī
