Hjelp:Endre ei side - Safon.org

Hjelp:Endre ei side

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Innhaldsliste

[endre] Redigering

Safon har mange ulike måtar å gjera teksten meir lesbar og interaktiv på. Å legge inn desse kodane i ein vanleg tekst kallar vi wikifisering.

[endre] Grunnleggande formatering

For å få til:Skriv:Slik vil det sjå ut:
Utheving'''Feit tekst'''Feit tekst
Kursiv''Kursiv tekst''Kursiv tekst
LenkjeHer er ei [[lenkje]].Her er ei lenkje.
Overskrift= Stor overskrift =

== Mellomoverskrift ==

=== Lita overskrift ===

[endre] Stor overskrift

[endre] Mellomoverskrift

[endre] Lita overskrift

[endre] Lenkjer

Ein kan laga lenkjer av ord eller uttrykk som er interessante eller som kan trenge ei nærare forklaring. Dette gjer ein ved å sette doble frikantklammer rundt ordet som skal lenkjast:

Safon er eit [[oppslagsverk]]
Safon er eit oppslagsverk

Sett du klammer rundt berre ein del av ordet, vil lenkja peike til denne delen. Dersom den ulenka delen kjem etter klammene, vil det framleis sjå ut som om dette ordet er ein del av lenkja:

Av snø kan ein laga [[snøball]]ar eller ei snø[[borg]].
Av snø kan ein laga snøballar eller ei snøborg.

Av og til ønskjer ein å lenkje til eit anna ord enn det som blir vist i teksten:

'''Norsk''' er eit [[germanske språk|nordgermansk]] språk.
Norsk er eit nordgermansk språk.

[endre] Bilde

Du kan laste opp bilde og andre filer som er frie til å bruke, eller som du har opphavsrett på, og vise dem på sidene. Eit bilde kan heilt enkelt visast ved å skrive [[Fil:Bildenamn.jpg]]. For å vise ein liten versjon av bildet, skriv f.eks. [[Fil:Bildenamn.jpg|thumb]]. For meir, sjå Hjelp:Vise bilde.

[endre] Hermeteikn

Hassafon brukar dei norske retningslinene for typografisk korrekt bruk av hermeteikn. Hermeteikna "..." er engelske (begge oppe) og skal ikkje brukast. For å få fram «, kan Windows-brukarar halde nede Alt-tasten samtidig som dei trykkjer 0171 og slepper opp tasten. For » trykkjer dei på same måte Alt+0187. Mac-brukarar lagar « ved hjelp av Alt+Shift+V og » med Alt+Shift+B, og Linux-brukarar held nede AltGr+z for å få « og AltGr+x for å få ».

Heile verk (bøker, aviser, dramatiske verk, CD-plater o.a.) skal stå i kursiv. Delverk (dikt, musikksatsar, noveller, artiklar o.a.) skal stå i «hermeteikn». Skipsnamn har hermeteikn berre rundt «sjølve» namnet på norsk (USS «Enterprise»).

[endre] Norske bokstavar

Om du er i utlandet og ønskjer å skrive på Safon, er det ikkje alltid du har tilgang til eit tastatur med Æ,Ø og Å. Windows-brukarar kan imidlertid få fram desse slik: æ = Alt+145, ø=Alt+0248, å=Alt+134, Æ=Alt+146, Ø=Alt+0216, Å=Alt+143.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hjelp:Endre ei side» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy