Hinduisme - Safon.org

Hinduisme

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Hindu)
Jump to: navigation, search
Hindutempelet på Slemmestad hører til den største hindumeinigheita i Noreg. Opprinneleg bygd som Folkets hus. (Foto: Kjetil Lenes.)
Hindutempelet på Slemmestad hører til den største hindumeinigheita i Noreg. Opprinneleg bygd som Folkets hus. (Foto: Kjetil Lenes.)

Hinduismen er den eldste av dei store verdsreligionane, og den mest mangfaldige. Religionen er ei blanding av ei rekke tradisjonar frå dei mange ulike folkeslaga som har budd på det indiske subkontinentet og har endra seg mykje over tid. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva religionen går ut på og kven som er hindu, men utøvarane har likevel til felles ein kulturell bakgrunn, liknande ritual og høgtider, visse heilage forteljingar, og stort sett òg ei forståing av at det finst mange måtar å utøve religionen på.

Innhaldsliste

[endre] Tru

Religionen tek utgangspunkt i gamle vediske tekstar og ritual på sanskrit, men inneheld òg ei lang rekke andre, lokale tradisjonar frå det indiske subkontinentet.

Han kan tolkast på ulike vis, slik at det for eksempel er muleg å tru på éin Gud, fleire gudar, eller ingen, og framleis vera hindu.

[endre] Grunnprinsipp

Det finst visse prinsipp som dei fleste hinduar ser på som sanne, om dei er klar over dei — at verda me lever i er ei førestilling (samsara) medan det verkelege er ande, at sjela (atman) følgjer karmalovene og blir gjenfødd fram til ho lausriv seg frå jordelivet og blir eitt med verdsanden (moksja), og at einkvar må følgje sin eigen veg med særskilde reglar og etikk (dharma).

[endre] Gudstru

Hinduismen blir rekna som ein heidensk religion. Med det meiner ein mellom anna at han godtek at det finst mange gudeformer, og at ein kan tilbe kva det skal vera, til dømes eit tre eller ein gudefigur, ved å be og ofre til det. Det finst ei rekke gudegrupper som blir tilbedne av ulike grupper, og lokale guddommar. Truleg stammar desse frå fleire opprinnelege religionar som er vorte opptekne i hinduismen.

Hinduistiske tenkjarar hevdar ofte at alle desse gudane er fleire sider av same sak — verdsaltet, brahman, som er så godt som umuleg å forstå for menneske.

[endre] Skrifter

Hinduismen har ein fleire tusen år gammal skrifttradisjon, noko som fører med seg at tekstane er mangearta og uoversiktlege. Nokre skrifter blir haldne heilage av dei fleste, hovudsakleg dei fire Vedaene, og gudeforteljingane Ramayana og Mahabharata. I tillegg finst ei rekke kommentarar og tolkingar til Vedaene, som puranaene, men alle desse blir ikkje godtekne som heilage av alle hinduar. Det finst òg fleire aksepterte måtar å lesa Vedaene på, og mange ulike gjenforteljingar av dei to eposa.

[endre] Utøving

På same måte som det finst mange måtar å tru på innanfor hinduismen, kan ein òg utøve religionen på ulike vis. Mange hinduar flettar trua si inn i dagleglivet, til dømes ved å seie eller syngje bøner, utføre podja, faste eller la vera å eta kjøt, eller gå i tempel. Ein kan følgje sin veg innanfor hinduismen ved å arbeide hardt og dermed hjelpe samfunnet, eller, for kvinner, ved å vie seg heilt til familielivet og ektemannen sin. Å utøve musikk eller dans er andre måtar å komma nærmare det heilage på.

Eit fåtal hinduar vel å vie livet sitt heilt til religionen og blir vandrande eller mediterande tiggarmunkar og -nonner. Desse skal avstå frå alt verdsleg liv og blir gjerne kalla brahmatsjariar eller sanjasiar.

[endre] Samfunn

Ettersom hinduismen er så nær knytt til dagleglivet, er det vanskeleg å seia kva som er religion og kva som er kultur. Eit kjent eksempel er det indiske kastesystemet, som lenge var ein integrert del av hindusamfunnet, men som mange hinduar i dag vil seie ikkje er ein del av religionen deira.

Små og store høgtider er ein viktig del av religionen og blir markerte både gjennom feiring og fornekting. Ein kan for eksempel halde éin eller fleire heilagdagar i veka gjennom faste og podja. Samtidig samlar samfunnet seg om fleire store høgtider, som den årlege dipavali, eller kumbh mela kvart tolvte år.

[endre] Utbreiing

Det finst kring 800 millionar hinduar, noko som gjer religionen til den tredje største i verda, etter kristendommen og islam. Hinduar bur først og framst i India, men ein finn òg større hindusamfunn i Nepal, på Sri Lanka, Bali, Mauritius, og i Karibia, særleg Guyana. I tillegg til sørasiatisk migrasjon har misjonering ført til at det òg finst hinduar av ikkje-asiatisk bakgrunn i mange vestlege land.

[endre] Symbol

Symbol i ord og bilde er svært viktige innan hinduismen, i alt frå utsmykking av tempel til filosofisk hymnetolking. Visse symbol er vortne ikoniske over heile verda — for eksempel aum-lyden og svastika-teiknet. Andre er meir skjulte, og kan for eksempel komma frå fleire tydingar av sanskritord. Andre stader symbolbruk går att er i utforminga av gudebilde. Stillinga, utsjånaden og omgjevnadane til eit måleri eller ein skulptur av ein hindugud er sjeldan tilfeldig.

[endre] Ordsoge

Sjølv om det framleis er ueinigheit om det, meiner dei fleste språkforskarar at omgrepet hindu opphavleg kjem frå Induselva, som persarane kalla Hindu. Da persisktalande erobra store delar av India, kalla dei alle innfødde med dette namnet. Språket hindi, òg kalla hindustani, og landsnamnet India, oòg kalla Hindustan og al-Hind, har same opphavet.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.


[endre] Lenkjer

Personlege verktøy