Henrik Wergeland - Safon.org

Henrik Wergeland

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikla mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av dei største norske lyrikarane gjennom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar.

Innhaldsliste

[endre] Liv

[endre] Barndom

Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fekk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Forfattarinna Camilla Collett, fødd Wergeland, var søster hans Henrik Wergeland. Elles hadde Henrik tre sysken til, Harald, Augusta og Oscar. Faren følgde den franske tenkjaren Jean Jacques Rousseau sine prinsipp om barneoppseding.

Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammal. Da han kom i framslengsåra vart han sendt til Katedralskolen i Christiania, og samtidig tok han til å skrive dikt og småe skodespel. Dei første vart trykte i 1826. Det første han hadde fått trykt, vart skrive medan han var tretten år gammal, ei kort tekst han kalla Blodstenen. Medan han framleis var gut, tok han og søstra Camilla initiativet til det første barnetoget i Noreg, på Eidsvoll kring 1820.

[endre] Stormande ungdomsår

Medan Wergeland framleis gjekk på skolen, vart han stormforelska fleire gonger. To av dei jentene han kjende mest for, var Elise Wolff og Hulda Malthe. Særleg Hulda skulle få mykje å seie. Det var henne Wergeland kom til å gjera om til den ideelle kvinneskapnaden Stella. Men Stella er òg prega av Elise Wolff og dei andre. Stella var ein himmelånd og vart inspirasjonen for den første diktsamlinga Digte, første Ring. Mange av dikta her er skrivne til Stella, men namnet Hulda er òg til stades, særleg synleg når han skriv om «Huldblomstens sjæl».

På bakgrunn av desse sterke kjenslene var det at Wergeland tok til å byggje opp kosmologien sin og skapte tanken om eit heilskapsdikt, Skabelsen, Mennesket og Messias.

[endre] Vaksen alder

Fil:Wergeland sykeleie.jpg
Wergeland på sjukeleiet

Etter Katedralskolen tok Wergeland til med eit teologisk embetsstudium ved universitetet. Samtidig heldt han fram med diktinga si. Det første store verket, Skabelsen, Mennesket og Messias vart utgjeve i 1829. Det var eit storslege verdsdikt som tek for seg verdshistoria frå skapinga og utover. Verket var religiøst prega og knytt til høgromantikken og tankegods frå den franske revolusjonen. Han var òg blanda opp i det kjende Torvslaget 17. mai 1829, der han sleppte frå det med eit sabelslag over ryggen. Da han seinare vart innteken til avhør tedde han seg slik at han vart ein folkehelt og for mange eit symbol på feiringa av 17. mai. Fire år seinare vart han den første som heldt 17. maitale.

I 1830 skreiv Wergeland til Selskabet for Norges Vel og bad dei hjelpe honom med å få sendt ut opplysingsskrifter til allmugen. Han var oppteken av vanlege folk og stødde dei ofte når dei hadde det ugreitt med embetsstanden. Somme tider førte han sak for dei, og han kom ofte opp i krangel med prokuratorar og andre høgtståande menn. Men han vart svært elska av vanlege folk, og det gjekk gjetord og segner om han på Romeriksbygdene mange år etter at han var borte.

Wergeland var ein vilter kar som lett eggja på seg motstandarar. Den verste av dei var nok Johan Sebastian Welhaven, som ergra seg over at Wergeland var så ugrei i forma. Stilidealet til Welhaven var klassisistisk og Wergeland skreiv i fri stil. Dessutan var Wergeland raskare enn Welhaven, og Welhaven tolte ikkje lynnet hans. Dei råka òg uklåre i synet på Danmark: Wergeland meinte Noreg laut finne seg sjølv og bryte med den dansk-norske einskapskulturen i skrift og dikting, medan Welhaven var konservativ og heldt på det danske. Wergeland vart leiar for dei radikale «patriotane», medan Welhaven førte «troppen» eller «danomanene». Desse gruppene krangla i avisene fleire gonger i åra som følgde. Welhaven gjekk til skriftleg åtak og Wergeland svara med eit satirisk skodespel. Krangelen toppa seg i Campbellerslaget i 1838.

Trass i Campbellerslaget vart stykket vel motteke og Wergeland skaffa seg ei hytte i Grønlia under Ekebergåsen. For å komma dit laut han ro over fjorden, og han fekk båtplass med fraktmannen Bekkevold i Skippergata. Slik var det han møtte den nitten år gamle dottera åt fraktmannen, Amalie Sophie Bekkevold, som han forelska seg i og som han gifta seg med etter eit år. Denne nye kjærlegheita førte òg til at han tok til å skrive nye kjærlegheitsdikt, samlinga Poesier frå 1839. Denne samlinga inneheld nokre av dei vakraste dikta Wergeland skreiv. Amalie levde i tretti år etter Wergeland, og da ho døydde, begynte nekrologen slik: “Henrik Wergelands enke er nu gått bort, og ingen er som henne besunget i norsk litteratur.”

I 1841 vart Wergeland tilsett som den første riksarkivaren i Noreg. Han satt med stillinga til han vart sjuk. Han fekk da fast inntekt og var tilsett på kongeleg bod. Mange av dei tidlegare radikale venene hans meinte dette var eit svik mot den gamle republikanske saka, og Wergeland kjente seg einsam. Men han heldt seg på føtene,og heldt fram med å skrive.

I slutten av april 1844 fekk Wergeland lungebetennelse. Han vart sengeliggjande i eit par veker men meinte han hadde plikt til å vera ute og til stades på nasjonaldagen same år. Camilla, søstra hans, møtte han på veg til feiringa, “mager og bleeg som døden, men med søttendemajsblikke”. Etter dette tok sjukdomen seg opp att, og no var det ikkje råd å komma seg att. Wergeland sleit med sjukdommen i fleire månader, og døydde i juli 1845, trettisju år gammal. Det er vanleg å seia at han døydde av tuberkulose og lungebetennelse, men sjukdommen kan òg ha vore cystisk fibrose eller lungekreft.

Medan han låg sjuk, heldt han fram med å skrive dikt, artiklar og skodespel. Det siste han skreiv er datert 11. juli 1845. Han døde same natta. Wergeland vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Christiania, og Eilert Sundt heldt gravtala på vegner av Det Norske Studentersamfund. Sundt, og seinare Bjørnson, såg verket sitt som eit framhald av arbeidet til Wergeland. Da han døde 37 år gammal, hadde han skrive 9 000 sider.

[endre] Verk

Av utdanning var Wergeland Cand.theol. Av yrke var han redaktør, amanuensisUniversitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.

Han var ei eldsjel som arbeidde for å få oppheva forbodet mot jødar i Den norske grunnlova. Han stifta folkebibliotek, sokneselskap og ungdomslag. Han kjempa for språkleg og kulturell lausriving frå Danmark og for feiring av den norske nasjonaldagen 17. mai. Wergeland påverka generasjonar av seinare diktarar, frå Bjørnstjerne Bjørnson til Nordahl Grieg.

“Taknemmelige jøder udenfor Norriges grændser reiste ham dette minde”, står det på monumentet som svenske og danske jødar fekk reist på Wergeland sin gravstad på Vår Frelsers gravlund i Christiania (Oslo) i 1849.

[endre] Utgjevingar

[endre] Bøker

  • 1829 - Digte, første Ring
  • 1830 - Skabelsen, Mennesket og Messias
  • 1833 - Spaniolen
  • 1833 - Digte, anden Ring
  • 1835 - Barnemodersken; Skuespil
  • 1838 - Campbellerne
  • 1838 - Poesier
  • 1840 - Jan van Huysums Blomsterstykke
  • 1841 - Svalen
  • 184143 - Norges Constitutions Historie
  • 1842 - Jødesagen i det norske Storthing
  • 1842 - Jøden
  • 1844 - Den engelske Lods
  • 1844 - Jødinden
  • 1845 - Mennesket. Episk dikt
  • 1845 - Hasselnødder

[endre] Tidsskrift

[endre] Som forfattar

«I folkeopplysningens tjeneste» gav Wergeland frå 1839 til 1845 ut tidsskrifta:

[endre] Som redaktør

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy