Hemne prestegjeld - Safon.org

Hemne prestegjeld

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Kart over Sør-Trøndelag som viser kvar Hemne prestegjeld ligg.
Kart over Sør-Trøndelag som viser kvar Hemne prestegjeld ligg.

Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, er eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kirkja. Hemne prestegjeld dekkjer kommunane Hemne og Snillfjord og har fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899).

Innhaldsliste

[endre] Sokn

[endre] Hemne sokn

Den noverande kirkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle kirkja, «Sancta Margrethæ», hadde brunne opp natt til 15. desember 1815. Kirkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar.

[endre] Vinje sokn

Den tidlegare kirkja i Vinje sokn. (Teikning: Gerhard Schønning, 1773)
Den tidlegare kirkja i Vinje sokn. (Teikning: Gerhard Schønning, 1773)

Det har vore kirkje på Vinje sidan føre reformasjonen. Den noverande kirkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkirkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kirkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykirkja.

Eit krusifiks som blir sagt å ha stått ved vegen med tak over før i tida, vart funne att under oppussinga av kirkja i 1950-åra og heng no inne i kirkja.[1]

[endre] Heim sokn

Kirkja i Heim, ei typisk 1800-tals kvit langkirkje, vart innvigd den 16. januar 1884. Før den tid var det hovudkirkja i Hemne folk i Heim sokna til, men sjøvegen til kirkja vart for lang. Gravlunden vart lagt ein kilometer unna på grunn av lite eigna jord kring kirkja.

[endre] Snillfjord sokn

Kirkja i Snillfjord, ei typisk 1800-tals kvit langkirkje, vart bygd i 1898 og innvigd den 27. september 1899. Fram til den tid sokna folk i Snillfjorden til hovudkirkja i Hemne, og frå 1884 dels til kirkja i Heim.

[endre] Prestar

[endre] Referansar

  1. http://www.orkdalsmenighetene.no/hemne/vinje_kirke.htm, lasta ned søndag 4. november 2007 kl. 00:10.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy