Hemne kommune - Safon.org

Hemne kommune

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1612
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommunesenter: Kyrksæterøra
Flatevidd: 659 km²
Folketal: 4 247 (2007)
Målform: nøytral
Internettside: www.hemne.kommune.no
Politikk
Ordførar: Ståle Vaag (Ap) 2007-

Hemne er ein kommune sør i det tidlegare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Han grensar til Snillfjord og Orkdal i aust, Rindal og Surnadal i sør, Halsa i sørvest og Aure i vest. Nord for Trondheimsleia ligg Hitra.

Hemne prestegjeld (inntil 1918 skrive Hevne) vart oppretta som eit formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838. Annekssoknet Vinje hørte til Møre og Romsdal fylke, medan resten av prestegjeldet hørte til Sør-Trøndelag fylke. Det skulle derfor i utgangspunktet ha vorte oppretta som ein eigen kommune, sidan ein kommune ikkje kunne høre til to ulike fylke. Løysinga vart at dei flytta fylkesgrensa sørvestover til sin noverande posisjon. (For same problemet, sjå Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal, Strømm og Åseral.)

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Høgaste fjellet er Ruten med sine 1039 meter over havet på grensa mot Rindal. Største øya er Røstøya; øya er verna som barskogsreservat. Rovatnet, som ligg rett sør for Kyrksæterøra, er største innsjøen.

[endre] Samfunn

Ein idrettshall gjev mulegheit for allsidig aktivitet. Elles har kommunen godt utbygde helse- og sosialtenester.

[endre] Skular

Kommunen har tre grunnskular. Fire kommunale og fire private barnehagar dekkjer stort sett etterspørselen etter barnehageplassar. I kommunen finst det ein vidaregåande skule òg, Hemne videregående skole.

[endre] Kirkjer

[endre] Næringsliv

Kommunen har eit variert næringsliv. Den største industriarbeidsplassen er Fesil Holla Metall som produserer silisiummetall. Andre viktige næringar er landbruk, oppdrett av laksefisk, rogn- og smoltproduksjon, trevareproduksjon, transport og service med blant anna handel og hotell. Nærheita til ilandføringsstad for gass og Statoil sin metanolfabrikkTjeldbergodden i Aure kommune er ein viktig faktor for næringslivet.

[endre] Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Hemne er Nerøra, plassen framom rådhuset på Kyrksæterøra. Namnet Nerøra blir lite bruka. Plassen er utforma som ein type torg, og kommunen har òg planta tusenårsstreet sitt her, som er ei eik.

[endre] Kjente hemnværingar

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer


Nordmøre     FOSEN     Uttrøndelag
Hemne | Snillfjord | Hitra | Frøya | Agdenes | Bjugn | Osen | Rissa | Roan | Ørland | Åfjord


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hemne» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hemne» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy