Hekhál - Safon.org

Hekhál

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Sefarím (torárullar) i Hekhálen i Esnogaen i Amsterdam. (Attgjeve med løyve frå bmz.amsterdam.nl.)
Sefarím (torárullar) i Hekhálen i Esnogaen i Amsterdam. (Attgjeve med løyve frå bmz.amsterdam.nl.)

Ein Hekhál (הֵיכָל (sef.)) eller Aron kódesj (אָרוֹן קּֽדֶשׁ) (asjk.)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbevarar sefarím (torárullar) i i synagogen.

I samband med Hekhálen er det oftast eit forheng som blir kalla parókhet. Parókheten er oftast innanfor Hekhál-dørene i portugisarjødiske synagogar i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika. Dette er ofte fallet i marokkanske synagogar òg. Dei fleste andre sefardiske og asjkenaziske synagogar har parókheten på utsida av Hekhál-dørene.

Personlege verktøy