Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion - Safon.org

Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdanning av rabbinarar, kantorar, lærarar og meinigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under leiing av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fekk skulen ei avdeling i New York City etter ei samanslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagde til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).

I dag er Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion eit internasjonalt rabbinsk seminar og universitet med studietilbod på hovudfags- og doktorgradsnivå innanfor fleire ulike akademiske disiplinar og profesjonsstudium, inkludert musikk og bibelsk arkeologi. Vidkjente folk med tilknytting til skulen inkluderer Judah Magnes, Abraham Joshua Heschel og Nelson Glueck.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy