Havremakronar
Frå Safon.org
|
Allergiinformasjon: Denne sida inneheld ei eller fleire oppskrifter som inneheld mandlar, ei råvare som kan utløyse svært alvorlege allergiske reaksjonar til og med i svært småe mengder hos ein del menneske. |
Havremakronar er ein type småkaker med havregryn som hovudingrediens.
[endre] Oppskrifter
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
4 egg 300 g sukker 80 g smør 360 g havregryn ( 16 mandeldropar 100 g kveitemjøl 2 ts bakepulver
Framgangsmåte:
Visp egg og sukker (med trådvisp) eit kvarter; smelt smør og ha det i. Ha i havregryna og mandeldropane. Bland bakepulveret i mjølet og ha det i. Rør det heile godt saman og sett det på smurt plate med to teskeier. Steik dei lysbrune.
