Hartvig Philip Rée
Frå Safon.org
Hartvig Philip Rée (1778–1859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar.
Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son av forretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei forretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av 13 søsken, tok da over leiinga av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiing av den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av dei yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers.
Forretningane i Århus og Randers, som i tillegg til store handelsføretak kom til å omfatte skipsrederi, sukkerraffineri, sjokoladefabrikk, klesfabrikk osv., hørte med til dei største og mest velsette føretaka i i danske provinsbyane i første halvdelen av 1800-talet. H.P. Rée interesserte seg for landøkonomi og anla ein hage som vart ein av dei allmenne attraksjonane i Århus på den tida. Han var den første danske jøden som vart eligert til borgar. Seinare vart broren Isak òg eligert.
[endre] Synagogen
H.P. Rée stod i spissen for de litle jødiske samfunnet i Århus. Han var svært interessert i gudstenesta, gav synagogen lokale i bygarden sin og arbeidde for å ordne og smykke liturgien. Den første agende for ei ordna jødisk gudsteneste i Danmark vart utgjeven av honom i 1825. Sjølv skreiv han hebraiske religiøse leilegheitsdikt og fekk ein yngre musikar, L. Meyer, til å komponere musikk til synagogesongane. Agenden hans vart innført i det jødiske samfunnet i Odense, men gjekk or bruk att der etter nokre få år. Eitt av leilegheitsdikta hans på hebraisk og tysk vart skrive for bruk i det jødiske samfunnet i München.
H.P. Rée prøvde seg òg på bibelsk-eksegetiske undersøkingar og skreiv fleire tidsskriftartiklar. Ein del av desse vart samla i boka Forschungen üb. die Überschriften der Psalmen (Leipzig, 1846).
Gift var han med sin Kusine Therese f. Rée fra Altona. Efter hendes Død (31. Dec. 1850) flyttede han til Kjøbenhavn. Her fængslede særlig Rasmus Nielsens Filosofi den gamle Mand. Han døde i Okt. 1859.
