Harimandir Sāhib
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Harimandir Sāhib, Harmandir Sāhib, Har Mandir eller Sri Darbār Sāhib — mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet — er sikhismens heilagaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurduārāen vart bygd av den femte sikh-gurūen, gurū Ardjan Dēv, for å hyse Gurū Granth Sāhib, sikhane si heilage skrift.
[endre] Forhistorie
Opphavleg var denne staden eit lite vatn i ein skogslund. Reisande og heilage folk kom åt denne staden for meditasjon og kvile. Staden var kjend for roa og det reine og gode vatnet.
Vatnet vart utvida og eit lite samfunn sett opp under leiing av den fjerde sikh-gurūen, gurū Rām Dās (gurū 1574–1581. Under leiing av den femte sikh-gurūen, Gurū Ardjan Dev (gurū 1581–1606) vart Harimandir Sāhib bygd. Den muslimske helgenen Hazrat Mian Mir dji frå Lahore la ned grunnsteinen til Harimandir Sāhib i desember 1588, og bygninga vart fullført i 1601. Tempelet har fire inngangar — eit symbol på toleranse og openheit.
Tempelet vart attoppbygd i 1803 av mahārādjā Randjit Singh. Kuppelen, som har form som ein lotusblomster som vender ned mot jorda, seiest å vera dekt av heile 100 kilo gull. Slik denne gurdvārāen ligg no, er han omgjeven av ein dam kjend under namnet Sarovar.
[endre] Operation Blue Star
På 1980-talet opplevde India fleire terroriståtak frå sikhar som ville danna sin eigen stat, Khalistan. Den indiske hæren slo hardt ned mot opprørarane. I 1984 forskansa leiaren for separatistane, Jarnail Singh Bhindranwale, og ei rekkje tilhengarar seg i Det gyldne tempelet.
Etter ordre frå den daverande indiske statsministeren, Indira Gandhi, gjekk den indiske hæren til åtak på tempelet den 5.–6. juni 1984. Målet var å sikre det indiske styret i Pandjāb og å taka Jarnail Singh Bhindranwale til fange. Separatistleiaren døydde under åtaket. Indira Gandhi vart seinare drepen av livvaktene sine, som var sikhar, som hemn for aksjonen.
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Harmandir Sáhib» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Nynorsk Wikipedia | Q | Sikhisme | 1600-åra
