Hallvard Ørsal - Safon.org

Hallvard Ørsal

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Hallvard Ørsal (18761943) var ein spelemann frå Todalen i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmør. Hallvard spela tyskfele dei første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart urettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att dei siste par tiåra av livet sitt.

Hallvard Ørsal var særleg kjent for spelestilen sin — med fin og klår tone og spenstig rytmikk — sjølv om alkoholproblema hans kunne gjera han noko ujamn i framføringane til tider. Dei slåttane han oftast framførte som glansnummer var «Stórhallinjen» og «Stórpolsdainnsn». Han laga òg nokre eigne slåttar, og blant desse kan vi nemne «Tovass-valsen» og «Helsing til Todalen».

Hallvard er far åt spelemannen Trygve Ørsal.

[endre] Kjelder

Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.

Personlege verktøy