Hadlakat nér sjel ḥanukká
Frå Safon.org
|
Kvar kveld under den åtte dagar lange lyshøgtida ḥanukká tenner vi lys i ein ḥanukkijjá. Ein ḥanukkijjá er ein lysestake med åtte vanlege armar og éin ekstra for «tenaren». Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.
Innhaldsliste |
[endre] Korleis tenner vi ḥanukkijjáen?
Ein skal helst stille ḥanukkijjáen i vindauget; eller evt. ute, på venstresida av husdøra om ein lever i eit klima der det er muleg. Den vanlegaste sefardiske tradisjonen er å bruke éin ḥanukkijjá per familie, men i asjkenazisk tradisjon er det vanleg at kvart familiemedlem har sin eigen ḥanukkijjá.
Ḥanukkijjáen har plass til 8 «vanlege» lys pluss «tenaren».
Tenaren er den som skil seg ut frå dei andre. På symmetriske ḥanukkijjót er tenaren oftast midt på og anten høgare eller lågare plassert. Mange ḥanukkijjót har tenaren plassert utpå eine sida. Tenaren kan kallast sjammásj (sefardisk tradisjon; Iraq), sjammósj (Syria) eller shammes (Aust-Europa).
Det er to hovudmåtar å tenne ḥanukkijjáen på:
- Den sefardiske måten er å bruke ei eiga fyrstikk eller eit eige lys til å tenne dei vanlege lysa og sjammásjen med. Vi lærer i «Hannerót hallálu» at vi ikkje har lov til å hisjtammésj bahén, det vil seie ‘lata dei (altså ḥanukkálysa) tene oss’. Derfor, etter at vi har tent dei vanlege lysa, tenner vi ein sjammásj (ein ‘tenar’) — eit ekstra lys som tener som lyskjelde for det arbeidet vi måtte komma til å gjera, slik som å syngje frå ein siddúr, pakke opp gåver o.a. Vi tenner derfor sjammásjen aller sist, slik at han kan brenne minst like lenge som dei andre lysa.
- Den asjkenaziske måten er å tenkje på sjammásjen som «tenaren» vi tenner dei andre lysa med. Dei fleste asjkenazím tenner dermed sjammásjen først og brukar han til å tenne dei andre lysa med før dei set han på plassen sin heilt til slutt.
Den første kvelden sett vi eit lys på plassen lengst til høgre, sett frå den sida vi står på når vi tenner lysa. Andre kvelden sett vi eit lys på same staden pluss eit nest lengst til høgre. Slik fortsett det til vi på åttande kvelden har fylt opp alle plassane frå høgre mot venstre. Vi skal alltid tenne det «nye» lyset først. Det vil seie at vi tenner lysa frå venstre mot høgre.
[endre] Kva tid tenner vi ḥanukkijjáen?
På vanlege kvardagskveldar — frå søndag kveld til torsdag kveld — kan vi tenne ḥanukkálysa føre eller etter solnedgang. Helst bør vi tenne dei slik at dei brenn når det er folk ute — i tråd med bodet om å kunngjera underet.
Vi skal ikkje tenne noko levande lys på sjabbát. For ḥanukkálysa tyder det:
- Lysa skal tennast føre solnedgang på fredag kveld.
- Lysa skal tennast føre ein tenner sjabbátlysa på fredagskvelden.
- På laurdagskvelden skal lysa derimot alltid tennast etter solnedgang.
[endre] Kor lenge skal ḥanukkijjáen brenne?
I utgangspunktet skal ḥanukkijjáen brenne ein halv time. Fredagskvelden, når ḥanukkijjáen skal tennast føre sjabbátlysa, bør ein passe på å ha nok olje eller lange nok lys til at ḥanukkijjáen kan brenne fram til ein halv time etter solnedgang.
[endre] Tenning av lysa
|
Plasser lysa i ḥanukkijjáen etter diagrammet ovanfor, inkludert sjammásjen. Ha eit eige lys eller ei lang fyrstikk klar. Sei så dei følgjande signingane rett føre (eller medan) du tenner det første lyset: בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לְהַדְלִיק נֵר (שֶׁל) חֲנוּכָּה׃ | ||
|
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å tenne lys for ḥanukká. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y nos encomendó para hazer encendér candela de Hanucah. |
|
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶֽׁעָשָׂה נִסִּים לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה׃ | ||
|
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som gjorde under for foreldra våre i dei dagane, på denne tida. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que hizo milagros a nuestros padres, en los dias estos, en el tiempo el este. |
Den første kvelden vi tenner ḥanukkálysa seier vi sjeheḥejánu òg:
|
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃ | ||
|
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este. |
Vi tenner så det første lyset (lengst til venstre); deretter tenner vi resten av lysa medan vi syng «Hannerót hallálu». Etter sefardisk tradisjon tenner vi sjammásjen aller sist.
[endre] Hannerót hallálu
Det følgjande er den sefardiske utgåva av «Hannerót hallálu». For varianttekstar, så i hovudartikkelen om songen.
|
הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ אָֽנוּ מַדְלִיקִין. עַל הַנִּסִּים וְעַל הַפּוּרְקַן וְעַל הַגְּבוּרוֹת וְעַל הַתְּשׁוּעוֹת וְעַל הַנִּפְלָאוֹת וְעַל הַנֶּֽחָמוֹת. שֶׁעָשִֽׂיתָ לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה. עַל יְדֵי כֹּֽהֲנֶֽיךָ הַקְּדוֹשִׁים. | ||
|
Desse lysa tenner vi for teikna og for berginga og for storverka og for frelsa og for undra og for trøystene som du gjorde for foreldra våre, i dei dagane, på denne tida, gjennom hendene til Dine heilage kóhaním. |
Hannerót hallálu ánu madlikín ngal hannissím vengal happurkán, vengal haggeburót, vengal hattesjungót, vengal hanniflaót, vengal hanneḥamót, sjengasíta làaboténu bajjamím hahém, bazzemàn hazzé, ngal jedé kohanékha hakkedosjím. |
Las candelas estas nos encendientes por las señales, y por la redemcion, por las barraganias, y por las salvaciones, y por las maravillas, y por las conortes que heziste á nuestros padres en los dias essos, en el tiempo este, por manos de tus sacerdotes los santos, |
|
וְכָל־שְׁמוֹנַת יְמֵי חֲנוּכָּה. הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ קֹֽדֶשׁ הֵן. וְאֵין לָֽנוּ רְשׁוּת לְהִשְׁתַּמֵּשׁ בָּהֵן. אֶלָּא לִרְאוֹתָן בִּלְבַּד. כְּדֵי לְהוֹדוֹת לִשְׁמֶֽךָ עַל נִסֶּֽךָ וְעַל יְשֽׁוּעָתֶֽךָ וְעַל נִפְלְאוֹתֶֽךָ׃ | ||
|
Og alle dei åtte ḥanukká-dagane er desse lysa heilage, og det er ikkje lov for oss å lata dei tene oss, anna enn berre å sjå på dei for å gjeva takk til Namnet Ditt for teikna Dine og frelsa Di og for undra Dine. |
Vekhol-sjemonàt jemé ḥanukká hannerót hallálu kódesj hén, veén lánu resjút lehisjtammésj bahén, ellá lirotán bilbàd, kedé lehodót liSjmékha, ngal nissékha, vengal jesjúngatékha, vengal nifleotékha. |
y todos ocho dias de Hanucah, las candelas estas santidad ellas, y no á nos licencia para servirse con ellas, salvo para verlas solamente, para loar á tu nombre, por tus señales, y por tu salvacion, y por tus maravillas. |
[endre] Etter lystenninga
Etter at lysa er tente er det vanleg å eta god mat, å gje kvarandre gåver og å syngje ḥanukkásongar.
[endre] Songar
Blant sefardím er det i våre dagar vanleg å syngje «Salme 30» («Mizmór sjír ḥanukkàt habbájit leDavíd»). Dei fleste asjkenazím, og i vår tid ein del sefardím òg, syng den asjkenaziske mellomalderhymnen «Mangóz ṣúr».
[endre] Sefardiske songar
Populære sefardiske songar inkluderer «Mi ze jemallél», «Hazeremos una mirenda» og «Ocho kandelikas».
[endre] Asjkenaziske songar
Populære asjkenaziske songar inkluderer «O, ir kleine lichtelech» og «Channeke, oi channeke» (Mordkhe Rivesman (1868–1924)). I USA er engelskspråklege songar populære i mange familiar: «I have a little dreidel».
[endre] Israelske songar
Frå slutten av 1800-talet av har det oppstått ein hebraiskspråkleg, asjkenazisk-dominert kultur i Israel. (Hebraisk-språkleg kultur hadde det vore lenge føre den tida i Israel, men da først og fremst innanfor sefardisk kultur.) Typiske songar som reflekterer denne delen av den israelske kulturen inkluderer «Mi jemallél» og «Sevivón», så vel som omsettingar til hebraisk av jiddische ḥanukkásongar.

