Gurduārā
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Ein gurduārā eller gurdvārā (panjabi ਗੁਰਦੁਆਰਾ [gurduārā], ਗੁਰਦਵਾਰਾ [gurdvārā], frå «gurū» (ein lærar) og «duārā» (ei dør)) er eit tempel for sikhar. Gurduārāer inneheld først og fremst den heilage boka Gurū Granth Sāhib. Den mest vidkjende gurduārāen er Harmandir Sāhib, mest kjent som «Det gylne tempelet» i Amritsar i Pandjāb i India. Folk av alle religiøse bakgrunnar er velkomne i gurduārāene så lenge dei tek av seg skorne og dekkjer hovudet føre dei går inn i dei heilagare delane av gurduārāen. Folk som nettopp har røykt eller drukke alkohol kan bli nekta å komma inn.
Innhaldsliste |
[endre] Særtrekk
Dei fleste gurduārāene har desse særteikna:
[endre] Nisjān Sāhib (sikh-fana)
Nisjān Sāhib er ei trekanta oransje fane med ein khanda (sikh-emblem) midt på fana. Ordet «nisjān» tyder ‘merke‘ eller ‘symbol’.
[endre] Darbār Sāhib (hovudrommet)
Darbār Sāhib er ein sal som inneheld Gurū Granth Sāhib — den heilage boka. I dei fleste nyare gurduārāer er dette ein stor sal som kan romme hundrevis av menneske. Meinigheita sit normalt rett på det teppedekte golvet. Føre ein går inn i Darbār Sāhib må alle taka av seg skorne og dekkje hovudet. Ein går inn roleg og med respekt til tronen der Gurū Granth Sāhib er plassert. Der står ein så føre Den heilage skrifta, seier stille bøner, ofrar nokre myntar og bukkar audmjukt for Gurū Granth Sāhib. Sikhane behandlar Den heilage skrifta si som ein levande lærar eller gurū. Dette teiknet på respekt skal ikkje sjåast på som tilbeding, ettersom sikhar berre har lov til å tilbeda Den einaste Gud, som sikhane kallar Vahegurū.
[endre] Langār (matsalen)
Langāren er ein stor sal der fellesmåltid blir serverte. Ein del gurduārāer har bord og stolar, men i dei fleste er det vanleg at gjestene sit på golvet.
[endre] Satjh khand (den skire staden)
Satjh khand, eller ‘den skire staden’, ‘Paradiset’/‘Himmelen’, blir bruka som namn på det rommet der Den heilage boka kviler om natta — på liknande vis som Toráen kviler i Hekhál i jødiske synagogar når han ikkje er i bruk.
[endre] Andre rom
Gurduārāer har gjerne òg kjøken, vaskerom og liknande. Nokre av dei større gurduārāene har òg gjestekvarter med bad for overnattingsgjester.
[endre] Sjå òg
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gurdvara» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
| | This article is based entirely or in part on the article “Gurdwara” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |
Kategoriar: GFDL | Nynorsk Wikipedia | English Wikipedia | Q | Sikhisme | Gurdvārāer
