Gurū Tēgh Bahādur
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Gurū Tēgh Bahādur djī (1. april 1621—11. november 1675) var den niande av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 20. mars 1665 som etterfølgjar etter grandnevøen sin, gurū Hari Krisjan. Føre gurū Tēgh Bahādur døde, utpeikte han sonen sin Gōbindh Rāi — som seinare fekk namnet gurū Gōbindh Singh — som den tiande (og, som det skulle vise seg, siste) av sikh-gurūane i menneskeleg form. Det følgjande er ei oppsummering av hovudhøgdepunkta i livet åt gurū Tēgh Bahādur:
- Han lét byggje byen Ānandpūr Sāhib.
- Han reiste kring ulike deler av India.
- Han var ansvarleg for berginga av dei kasjmirske hinduane som vart forfølgte av mughalane, men mista sjølv livet.
- Han bidrog med fleire hundre hymnar til Ādī Granth.
- Sālōkane (Mahal 9) mot slutten av Ādī Granth er svært populære.
- Gurū Tēgh Bahādur døydde som martyr i Delhi under mughalkeisaren Aurangzeb.
- Gurduārāer bygde til gurū Tēgh Bahādur sitt minne inkluderer:
- Gurduārā Sis Gandj i Tjandni Tjåk i Delhi, kor han vart avretta ved halshogging.
- Gurduārā Rakab Gandj Sāhib i Delhi, der Lakhi Shah Vandjara brente ned huset sitt der lekamen åt gurū Tēgh Bahādur låg, slik at kroppen hans kunne bli kremert.
[endre] Lenkjer
- Sri Guru Tegh Bahadur Sahib,
- AllAboutSikhs.com,
- Video - Teg Bahadur Simriey,
- Sikhs.org,
- Sikh-History.com
[endre] Lyd
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Teg Bahadur» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
