Gurū Hari Krisjan
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Gurū Hari Krisjan dji (7. juli 1656—30. mars 1664) var den åttande av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 7. oktober 1661 som etterfølgjar etter far sin, gurū Hari Rāi. Føre gurū Hari Krisjan døde, utpeikte han Baba Bakala dji som den neste sikh-gurūen. Det viste seg at dette var gammalonkelen hans, gurū Tēgh Bahādur. Det følgjande er ei oppsummering av nokre hovudpunkt i det korte livet åt gurū Hari Krisjan dji:
- Da gurū Hari Krisjan dji var i Delhi var det ein kopparepidemi der. Det seiest at gurū Hari Krisjan si velsigning gjorde at innsjøen ved Banglā Sāhib verka som kur for tusenvis av menneske.
- Gurduārā Banglā Sāhib vart bygd til minne om gurū Hari Krisjan på den staden der han heldt til da han besøkte Delhi.
- Gurduāra Bāla Sāhib vart bygd der gurū Hari Krisjan vart kremert etter at han døde berre sju år og åtte månader gammal.
[endre] Lenkjer
[endre] Lyd
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Har Krisjan» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
