Gurū Hari Gōbindh
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Gurū Hār Gōbindh (1595–1644). Miniatyr frå midten av 1800-talet. Frå Pandjāb under mahārādjā Narender Singh.
Gurū Hari Gōbindh dji (19. juni 1595—3. mars 1644), òg skrive Har Gōbind, Har Gōbindh og Hargōbind, var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfølgjar etter far sin, gurū Ardjan Dev dji. Føre gurū Hari Gōbindh dødde, utnemnde han gurū Hari Rāi, barnebarnet sitt, som den neste sikh-gurūen.
Dette er eit samandrag av høgdepunkta i livet hans:
- Han omforma sikh-samfunnet ved å innføre kampsportar og våpen for forsvar av massene etter at far hans døydde som martyr.
- Han militariserte sikh-rørsla; sjølv bar han to sverd — Miri og Piri.
- Han bygde Akal Takht i 1608 — dette er no ein av dei fem takhtane (styreseta) for sikhane.
- Han grunnla byen Kiratpur i Jalandhar i Pandjāb.
- Han sat som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divāli.
- Han var den første sikh-guruen som gjekk ut i strid.
- Han slost fire slag mot Mughal-makta.
[endre] Lenkjer
AllAboutSikhs.com, Sikhs.org, Sikh-History.com
[endre] Lyd
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Har Gobind» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
