Gurū Granth Sāhib
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Ādi Granth, oftast omtala som Sri Gurū Granth Sāhib dji, er den heilage boka i sikhismen. Boka vart samla i 1604 av gurū Ardjan, den femte sikh-gurūen. Sidan 1708, da boka vart den ellevte gurūen deira, har sikhar sett på henne som den levande kroppsleggjeringa av dei tidligare gurūane.
Namnet «Gurū Granth Sāhib» innheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Gurū», som i opphav er eit sanskrit-ord, tyder ‘lærar’, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og rū tyder ‘lys’. Ordet viser derfor at boka leier menneska frå eit liv av mørk fåkunne til Gud sitt lys. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre ‘bok’, men sikhane tolkar det som ‘den heilage boka av gurdvaraene’. «Sāhib» tyder ‘venn’, ‘eigar’ eller ‘herre’ og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgje.
[endre] Teksten
Gurū Granth Sāhib innheld 5 894 religiøse og filosofiske songar med definerte melodiar.
Songane i Gurū Granth Sāhib vart skrivne av ulike menneske på ulike tider. Den største delen av dei vart skrivne av seks av dei ti sikh-gurūane: gurū Nānak Dev (976 vers), gurū Angad Dev (61 vers), gurū Amar Dās (907 vers), gurū Rām Dās (679 vers), gurū Ardjan (2 216 vers) og gurū Tēgh Bahādur (118 vers). Men boka samlar òg mange songar skrivne av hinduar og muslimar. Ho inkluderer òg nokre få songar skrivne av andre sikhar. Songane skrivne av gurūane heiter gurbāni, og songane skrivne av dei andre heiter bhagatbāni og bhattbāni.
Gurū Ardjan valde ut songane som han ville ha i Gurū Granth Sāhib for den andelege kvaliteten dei hadde. Han tok derfor ikkje med songar som førte med seg sjølvkjensle eller kastestoltskap, som lovprisa sosial rang eller asketisme eller som brukte seksuelle metaforar. Han sette spesielt pris på songar skrivne på daglegdags språk eller dialekt heller enn på eit opphøgd litterært språk. Emne for songane er blant anna ros av Gud, leiting etter Gud, måtar å stå i samband med Gud på, moralske reglar om korleis ein bør leva og litt teologisk fundering om Gud og verda. Dei legg vekt på rein og vilkårslaus elsk for Gud, eit liv som blir levd for å hugse Gud og om korleis ein treng ein ekte gurū som kan leie ein på vegen til Gud. Mange songar skildrar sjela som Guds ektefelle, eina i eit uskiljande samband. Menneska må derfor ikkje gå bort frå Gud, og dei må leva i og med Gud.
Under høgtider, så vel som i andre stunder prega av sorg eller glede, er det vanleg å lesa heile Gurū Granth Sāhib frå byrjing til slutt utan opphald. Denne seremonien, som blir kalla akhand path tek omtrent 48 timar og kan utførast i ein gurdvārā eller i privatheimar.
[endre] Musikken
Gurū Ardjan gav kvar song i Gurū Granth Sāhib ein melodi. Nokre av dei var tradisjonelle, men han skreiv òg melodiar for mange songar som ikkje hadde det. Han ordna melodiane basert på rāgasystemet frå hindustānimusikk, den nordindiske klassiske musikktradisjonen. Kvar rāga har kjensler og stemningar i hindustānimusikk. Gurū Ardjan brukte rāgaene som hadde kjensler som han meinte passa best med ånda i musikken. Han valde ikkje rāgaer som var for glade eller for triste, eller som var for klassiske, prydelege eller hadde skilt seg for mykje frå folkemusikken. Kvar song i Gurū Granth Sāhib har ei innleiing der som nemner kva for ein rāga som må brukast med honom, og boka har eit etterord som skildrar rāgaene. Det finst 31 rāgaer i alt i Gurū Granth Sāhib.
Framføring av songane heiter kírtān. Dei blir sungne svært ofte. På høgtider og i gurdvārāer er det vanleg å syngje dei i kor med mange musikkinstrument, særleg harmonium og tāblā.
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
