Gurū Gōbindh Singh
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
|
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 1666—7. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfølgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Føre gurū Gōbindh Singh dødde, utpeikte han sikhanes heilage skrift sri Gurū Granth Sāhib dji som den neste, evige sikh-gurūen. Denne granth (boka) er meir enn ei heilag bok for sikhane.
Rolla som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skrive som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjennom eit liv med store personlege tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb kravde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denne krigen at gurū Gōbindh leid så store personlege tap.
Gurū Gōbindh Singh seiest å ha knote saman dei lause trådane i sikh-trua. Han erklærte seg sjølv som den siste sikh-gurūen og utnemnde boka Adi Granth, no kjend som Gurū Granth Sāhib, som den evige sikh-gurūen. Men autoriteten som Gurū Granth Sāhib fekk var ein andeleg autoritet; fysisk, tidsbunden autoritet vart gjeven til sikhane som heilskap. Gurū Gobindh grunnla òg sikhdåpen med mottaking av vigslevatn.
Det følgjande er ei oppsummering av dei viktigaste høgdepunkta i livet åt gurū Gōbindh Singh:
- Han samla og redigerte boka Dasam Granth Sāhib (1428 s.)
- Han skreiv ymse bāṇīar som sikhane resiterer dagleg: «Djāp Sāhib», «Tjåpaī» o.a.
- Han lét byggje ymse gurduārāer — slik som Kesj Garh Sāhib o.a.
- Han utvikla Anandpūr Sāhib som eit hovudsenter for sikhismen.
- Han vidareutvikla strukturen i sikh-samfunnet ved innføring av ymse administrasjonssystem.
- Sendte det vidkjente brevet Zafarnāmā til Aurangzeb.
[endre] Lenkjer
- Complete website on Sri Guru Gobind Singh Ji
- Biography with pictures on sikh-history.com
- Video - Sri Guru Gobind Singh Ji
- A wealth of information about Guru Gobind Singh Ji,
- AllAboutSikhs.com,
- Sikhs.org,
[endre] Lyd
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Gobind Singh» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
Kategoriar: GFDL | Nynorsk Wikipedia | Q | Sikhisme | Sikhar | Fødde i 1660-åra | Døde i 1700-åra

