Gurū Ardjan Dēv
Frå Safon.org
| Sikhismen |
| Sikh-gurūar |
| Skrifter |
| Gurū Granth Sāhib |
|
Bāṇī - «Tjåpaī» |
| Filosofi |
| simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søyler |
| fem vonde |
| fem gode |
| Khalsā |
|
Pandj kakkē: |
| Heilage stader |
| Amritsar |
| Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
| gurduārā |
| Folk og språk |
| Pandjāb - sikhar |
| pandjābī - gurmukhī |
Tradisjonelt bilete av Gurū Ardjan som dikterer sikhanes heilage skrift, Adi Granth, seinare kjend som Gurū Granth Sāhib, til Bhai Gurdas i 1604.
Gurū Ardjan Dēv dji (pandjābī ਗੁਰੂ ਅਰਜਨ ਦੇਵ) (f. 15. april 1563 i Goindval; d. 30. mai 1606) var den femte av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 1. september 1581 som etterfølgjaren åt gurū Rām Dās dji. Føre gurū Ardjan Dēv dji dødde utpeikte han sonen sin, gurū Hari Gōbindh dji, som den neste gurūen for sikhane. Det følgjande er ei oppsummering av høgdepunkta i livsverket hans:
- Over 2000 hymnar i sikhanes heilage bok Gurū Granth Sāhib
- Forfattar av banien «Sukhmani Sāhib» – ei bøn for fred.
- Samla og innsette sikhanes heilage skrift, som på denne tida gjekk under namnet Adi Granth.
- Bygde Harimandir Sāhib — kjent som «Det gylne tempelet».
- Utvikla Amritsar til eit viktig andeleg senter.
- Vidareutvikla strukturen i sikh-samfunnet gjennom innføringa av Masund-systemet.
- Den første sikh-gurūen som dødde som martyr.
Hymne av gurū Ardjan Dev frå «Sukhmani Sāhib» (Gurū Granth Sāhib, s. 262–):
- I hug, hug, hug av Gud får de fred
og uro og angst kverv frå dykk. - I hug av Gud vert de fri frå livmora
I hug av Gud vert de fri frå dauden sin otte. - I hug av Gud vert dauden vekk
I hug av Gud vert uvener stogga. - Gudshug lagar ikkje hindringar
I hug av Gud vert de kvikke alle døgn. - I hug av Gud har ’kje redsle makt
I hug av Gud kan ’kje sorga bry dykk. - I hug av Gud, i å vera med helgenar
er alt som er kjært, å Nānak, med Guds nåde. ||2||
[endre] Lenkjer
- Eternal Glory of Sri Guru Arjun Dev Ji
- Learn more about Sri Guru Arjun Dev Ji
- Guru Arjan, the Apostle of Peace - eBook
- AllAboutSikhs.com
- Sikh-History.com
- sikhiwiki
[endre] Audio
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Ardjan Dev» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
| | This article is based entirely or in part on the article “Guru Arjan Dev” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |
