Grip kirkje - Safon.org

Grip kirkje

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Grip stavkirke)
Jump to: navigation, search
Grip kirkje.Foto:Peter John Acklam
Grip kirkje.
Foto:Peter John Acklam
Altaret i Grip kirkje. (Foto: Peter John Acklam)
Altaret i Grip kirkje. (Foto: Peter John Acklam)

Grip kirkje er ei stavkirkje bygd på andre halvdel av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør.

Kirkja har framleis mellomalderkjerna, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har same breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla.

I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kirkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kirkja vart avdekt. Slik kirkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe blir i katolsk kristendom rekna som ein av dei 14 nødhjelparane som blir påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kirkjeSunnmør i 1864.

[endre] Lenkjer

[endre] Litteratur


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Grip stavkirke» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Personlege verktøy