Grip kirkje
Frå Safon.org
Grip kirkje er ei stavkirkje bygd på andre halvdel av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør.
Kirkja har framleis mellomalderkjerna i behold, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har same breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla.
I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kirkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kirkja vart avdekt. Slik kirkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe blir i katolsk kristendom rekna som ein av dei 14 nødhjelparane som blir påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kirkje på Sunnmør i 1864.
[endre] Lenkjer
[endre] Litteratur
- Bugge, Gunnar Stavkirkene i Norge, Oslo 1981, ISBN 82-09-01890-6
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Grip stavkirke» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
