Grameen Phone - Safon.org

Grameen Phone

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Grameen Phone er det største mobiltelefonselskapet i Bangladesh. Det er eigd 60 % av det norske telefonselskapet Telenor og 40 % av Grameen Bank. Selskapet gjev mikrokredittlån til fattige kvinner som brukar lånet til å kjøpe ein mobiltelefon som dei låner ut til folk. Gjennom eit lite påslag på ringeprisen tener eigaren av mobiltelefonen nok til både å betala lånet og til sjølv å skaffe seg ei inntekt.

[endre] Omfang

Det er i dag over 250 000 landsbytelefonar i Bangladesh. Kvinnene er organiserte i mobilselskapet The Village Phone Ladies. Landsbytelefontenesta i Bangladesh er tilgjengeleg for 60 millionar menneske og gjennomsnittleg telefonbruk for kvinnene i systemet er dobbelt så stor som for vanlege forretningsfolk. I område kor moderne infrastruktur for kommunikasjon ikke er til stades, skapar landsbytelefonane kontakt mellom landsbyar og folk som før ikkje hadde mulegheit til det.

[endre] Kjelder

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy