Grace Aguilar - Safon.org

Grace Aguilar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Portrett av Grace Aguilar frå Library of the World’s Best Literature, Ancient and Modern — Volume 1 av Charles Dudley Warner.
Portrett av Grace Aguilar frå Library of the World’s Best Literature, Ancient and Modern — Volume 1 av Charles Dudley Warner.

Grace Aguilar (2. juni 181616. september 1847) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.

Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av sefardiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak frå barndommen av og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fekk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til denne trua. Ho følgde opp med bøkene The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjend er ho likevel for romanane sine — og da særleg Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utg. posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho dødde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.

Innhaldsliste

[endre] Verk

[endre] Sakprosa

[endre] Romanar

[endre] Kjelder

  • Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
  • Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
  • «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia

[endre] Eksterne lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Grace Aguilar from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy