Ola Kvande
Frå Safon.org
Ola Kvande (1834–1918), mest kjent som «Gråvinn», var ein spelemann frå Kvenna i Stangvik i den noverande Surnadal kommune på Nordmør. Han var ein solid dansarspelemann som spela i mange bryllaup. Han var av dei som heldt på tyskfela, og han kom dermed i skyggen av hardingfelespelemennene som naut høgare status i kappspelsamanheng og elles i den nasjonalistiske tida kring unionsoppløysinga i 1905. Gråvinn flytta da til Trondheim og budde der i ein del år. Under ein tur til Nordmør vart han beden heim til Kristian Halse, og han budde der i to veker og spela slåttar for Kristian Halse, slik at han fekk skrive dei ned på notar. Alt i alt skreiv Kristian ned mesta tretti slåttar etter honom, og 20 av desse vart trykt i heftet Folkemusikk frå Nordmøre. Den siste tida av livet sitt budde Gråvinn på Smøla. Han døde på sjukehuset i Molde i 1918 og vart gravlagt der.
[endre] Kjelder
Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.
