Gråmåse - Safon.org

Gråmåse

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Gråmåse ved Vanndamman i Kristiansund. (Foto:Olve Utne)
Gråmåse ved Vanndamman i Kristiansund. (Foto:Olve Utne)
Gråmåse
Gråmåse
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridæ
Slekt: Larus
Art: L. argentatus

Gråmåse eller blåmåse (Larus argentatus) er ein fugl i måsefamilien.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Dei vaksne fuglane har gråblå overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfuglane er meir brunfarga. Beina er kjøttfarga og med symjeføter. Dei har store spisse vengjer og flyt lett. Kjønna er like. Gråmåsen er i vaksen alder opptil 56 cm og veg kring 1,1 kg.

[endre] Utbreiing

Gråmåsen finst langs heile kysten. Han hekkar først og fremst langs kysten, men også ved Mjøsa og ved enkelte innlandsvatn i Finnmark.

[endre] Namn på andre språk

  • Skandinavisk: gråmåse (nynorsk, bokmål), gråmåke (bokmål), sølvmåge (dansk), gråtrut (svensk).
  • Vestgermansk: whitemaas (skotsk), white maw (skotsk), herring gull (engelsk), zilvermeeuw (nederlandsk), zèlvermiew (limburgsk), kolle (zeêuws), zeêkolle (zeêuws), kollemeêuwe (zeêuws), sulwermiuw (frisisk), Silbermöwe (tysk)
  • Keltisk: gouelan gris (bretonsk), Gwylan y Penwaig (kymbrisk)
  • Romanske språk: gaivota prateada (portugisisk), goéland argenté (fransk), Larus argentatus (latin, italiensk, spansk)
  • Uralske språk: harmaalokki (finsk), hõbekajakas (estisk), skávli (nordsamisk[1])

[endre] Kjelder

Personlege verktøy