Gibraltar - Safon.org

Gibraltar

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Gibraltar
Flagg Rikssegl
Nasjonalt motto: Nulli Expugnabilis Hosti
(latin: Erobra av ingen fiende)
Fil:LocationGibraltar.png
Offisielt språk Engelsk, i tillegg blir llanito tala
Hovudstad (Gibraltar)
Koordinatar 36° 07' N, 5° 21' W
Guvernør og øvstkommanderande Sir Francis Richards
Sjefsminister Peter Caruana
Flatevidd
 - Totalt
 - av dette vatn
Rangering 192
6,5 km²
-
Folketal
 - Total (2003)
 - per. km²
Rangering 190

27,776
4270/km²

Valuta Gibraltar Pound (ISO 4217: GIP)
Tidssone UTC + 1
Nasjonalsong Gibraltar Anthem
Nasjonalt toppnivådomene .gi
Telefonkode 350 (utanom i Spania)

Gibraltar er ein kronkoloni som hører til det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Gibraltar ligg sørvest i Europa og grensar til sørkysten av Spania. Grenselengda er 1,2 km. Kystlina er 12 km. Høgaste punktet er 426 moh., på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar.

Gibraltar ligg svært strategisk plassert. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet og Middelhavet.

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder ‘Ṭāriq-fjellet’ (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herkules. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

Austsida av Gibraltar
Austsida av Gibraltar

Innhaldsliste

[endre] Historie

Gibraltar vart overdrege til Storbritannia frå Spania i 1713 i tråd med Utrechttraktaten.

Formelt vart Gibraltar erklært som kronkoloni under den britiske krona i 1830.

Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltarane hadde høve til å stemme om kva land Gibraltar skulle høre til. Trass i stort spansk press stemte eit stort fleirtal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.

[endre] Folkesetnad

I juli 2004 hadde Gibraltar kring 28 000 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardím og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar hører til Den romersk-katolske kirkja.

[endre] Styre

Gibraltar hører til det britiske samveldet som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den engelske krona.

Den praktiske lovgjevinga blir fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalte medlemmer.

[endre] Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gibraltar» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy