Georg Friedrich Händel - Safon.org

Georg Friedrich Händel

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Georg Friedrich Händel (1685–1759)
Georg Friedrich Händel (1685–1759)

Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (168514. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særleg kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks.

Innhaldsliste

[endre] Biografi

[endre] Tidlege år

Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det daverande kurfyrstedømmet Brandenburg av foreldra Georg Händel (16221697) og Dorothea Taust (16511730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydeleg talent for tangentspel allereie i sjuårsalderen. Ni år gammal begynte Georg Friedrich å komponere musikk. Kanskje for å følgje ønskjet frå far sin skreiv Georg Friedrich seg inn som student ved Universitetet i Halle den 10. februar 1702, men han droppa studia til fordel for musikken da faren hans dødde året etter, og han vart tilsett som fiolinist i operaorkestret ved Theater am Gänsemarkt i Hamborg. Her vart dei to første operaene hans, Almira og Nero, oppsette etterjulsvinteren i 1705

[endre] Italia

Mellom 1706 og 1709 arbeidde Händel i Italia, der han skreiv dei første store kirkje- og teatermusikkverka sine. Blant anna skreiv han operaen Agrippina i 1707. I 1710 vart han kapellmeister ved hoffet i Hannover. Same året reiste han til London, og to år seinare flytta han dit for godt.

[endre] England

Händel flytta til England i 1712. I 1719 vart Händel, som i England tok namnet George Frideric Handel, utnemnt til musikksjef for det nyleg grunnlagte Royal Academy of Music, som vart oppretta for å administrere operalivet i London. Han reiste ikring til ulike hoff og operaer i Europa for å kunna rekruttere ulike sangarar han likte. I 1723 vart han utnemnt til komponist ved Chapel Royal, og i 1727 fekk han engelsk statsborgarskap. Under denne tida var Handel veldig populær i London. Han skreiv musikk for statshendingar som vart svært framgangsrik, slik som Birthday Ode for Queen Anne, Te Deum og kroningsstykket Zadok the Priest, som framleis blir bruka ved engelske kroningar. Han skreiv òg kammermusikk, etydar for cembalo og operaer.

Handel sitt hus på Brook Street 25 i London, der han budde frå 1723 til han dødde i 1759.
Handel sitt hus på Brook Street 25 i London, der han budde frå 1723 til han dødde i 1759.

I 1728 gikk Royal Academy of Music konkurs. Handel prøvde likevel, å halde liv i verksamheita, men fånyttes. Dessutan vart det konkurrerande Opera of the Nobility grunnlagt i 1733. Fire år seinare var både Royal Academy of Music og Opera of the Nobility ruinerte, og på toppen av det heile fikk Handel slag. Ettersom operainteressen dalte, begynte Handel i staden å skrive oratorium. Musikken minte om operaene, og kjenneteikna hans var dei mektige korsongane, slik som Hallelujah-koret frå oratoriet Messiah, som vart skrive i 1742 for veldedige formål i Dublin.

Dei siste seks åra av livet sitt var Handel blind, og han hadde dårleg helse. Trass i dette fortsette han å spela langt inn i 70-årsalderen. Da han dødde i 1759 i London vart han rekna som ein dei største britiske komponistane nokon gong. Han ligg gravlagt i Westminster Abbey.

[endre] Verk

[endre] Vokalmusikk

[endre] Operaer

[endre] Oratorium

[endre] Basert på Den hebraiske bibelen

  • 1732 - Esther
  • 1733 - Deborah
  • 1733 - Athaliah
  • 173839 - Saul (HWV 53)
  • 1739 - Israel in Egypt (Israel i Egypt)
  • 1743 - Samson
  • 1744 - Joseph and his brethren (Josef og brørne hans)
  • 1745 - Belshazzar
  • 1748 - Joshua
  • 1749 - Solomon
  • 1752 - Jephtha

[endre] Basert på Dei apokryfiske skriftene

[endre] Basert på Det nye testamentet og nyare kristne kjelder

  • 1708 - Oratorio per la Resurrezione di Nostro Signor Gesù Cristo
  • 1742 - Messiah (Messias)
  • 1750 - Theodora

[endre] Verdslege oratorium

  • 1718 - Acis and Galathea

[endre] Kantatar og odar

[endre] Instrumentalmusikk

[endre] Orkestermusikk

[endre] Concerti Grossi

[endre] Solokonsertar

[endre] Kammermusikk

[endre] Triosonatar

[endre] Solosonatar med generalbass

[endre] Bibliografi

  • Winton Dean: The New Grove Handel. Work list [by] Anthony Hicks. (The composer biography series.) New York (W. W. Norton & Company), 1983. ISBN 0-393-30086-2.
  • Christopher Hogwood: Handel. Chronological table by Anthony Hicks. London (Thames and Hudson), 1985. ISBN 0-500-01355-1.
  • Paul Henry Lang: George Frideric Handel. New York (W. W. Norton & Company, Inc.), 1966.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Georg Friedrich Händel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Georg Friedrich Händel» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy