Galeas
Frå Safon.org
Ein galeas er ei tomasta seglskute med sneiseglrigg på begge mastene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermasta (mesanmasta på galeasen) er kortare enn formasta (stormasta på galeasen). Galeasar er òg gjerne noko grovare bygde, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.
