Fuglsnes på Stabblandet - Safon.org

Fuglsnes på Stabblandet

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Fakta om Fuglsnes
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gardsnummer: 238
Postnummer: 6590


Fuglsnes og Litløra sett frå Viavikneset på Ertvågsøya.Foto:Olve Utne
Fuglsnes og Litløra sett frå ViaviknesetErtvågsøya.
Foto:Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmør i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtuå i sør og Holå i nord.

Fuglsnes sett frå Ytre Fuglvåg på Ertvågsøya. Indre Fuglsnes (bnr. 1) ligg til venstre og Ytre Fuglsnes (bnr. 2) til høgre. Foto: Olve Utne
Fuglsnes sett frå Ytre FuglvågErtvågsøya. Indre Fuglsnes (bnr. 1) ligg til venstre og Ytre Fuglsnes (bnr. 2) til høgre.
Foto: Olve Utne

Innhaldsliste

[endre] Bnr. 1, Indre Fuglsnes

[endre] Fugelvågslekta

Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre FuglvågenErtvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. Garden vart driven som eige bruk til ei stund innpå 1900-talet. I 1972 vart bruket kjøpt av eigaren av bnr. 2, og bruka har vore samanslegne til eitt bruksnummer sidan da.

[endre] 1824–1847

I 1824 flytta Christopher C. Fugelvåg (1790–1833) dit frå Fuglvågen etter at han fekk skøyte på bruket frå far sin. Faren flytta med som kårkall.

Christopher C. Fugelvåg gifta seg i 1822 med Eli Abrahamsdt. Løvik (1800–18??) frå Utigarden under Løvika i Halsa. Dei fekk fem born saman: 1) Kristoffer K. Fugelsnes (18221868), som tok over bruket; 2) Elen K. Fugelsnes (1825–1???); 3) Abraham K. Fugelsnes (1828–1???); 4) Ola K. Fugelsnes (1831 – 1???); og 5) Beret Kristina K. Fugelsnes (1834–1???).

Eli Abrahamsdt. gifta seg att i 1834, året etter at Christopher dødde. Mannen ho gifta seg med var Ola J. Ørbog (1805 – 1???). Dei fekk tre born saman: 1) Johanna Mattea O. (1836–1???); 2) Edvard (Evert) O. (1838–1???), som tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes; og 3) Johannes O. (1841–1???).

Johanne K. Fugelsnes (1848–1???) gifta seg med bror åt Haagen Hansson Birkelund og utvandra til Amerika.
Johanne K. Fugelsnes (1848–1???) gifta seg med bror åt Haagen Hansson Birkelund og utvandra til Amerika.

[endre] 1847–1868

Kristoffer K. Fugelsnes (1822–1868) tok over bruket i 1847. To år etter at han tok over, gifta han seg med Petronella Imanuelsdt. Lervik frå Smøla. Dei fekk ni born saman: 1) Johanne (1848–1???); 2) Kristoffer (1850–1934), som tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes; 3) Nikoline (1851–1???); 4) Marit; 5) Elen Kristine (1856–1???); 6) Elisabet (1858–1???); 7) Johanna (1860–1???); 8) Imanuel (1863–19??); og 9) Ola (1865–1???).

  1. Johanne K. Fugelsnes (1848–1???) gifta seg med bror åt Haagen Hansson Birkelund frå Leira på Tustna. Dei utvandra til Amerika og busette seg i Chicago-området. Dei tok slektsnamnet Hanson.
  2. Kristoffer K. Fugelsnes (18501934) tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes, sjå der.
  3. Nikoline K. Fugelsnes (1851–1???) gifta seg med Einar S. Solem. Dei busette seg på Smedneset under Soleim på Stabblandet.
  4. Marit K. Fugelsnes dødde ugift.
  5. Elen Kristine K. Fugelsnes gifta seg i 1877 med Anders K. Sandvik på Hyttneset under Sandvika på Tustna.
  6. Elisabet K. Fugelsnes (1858–1???) gifta seg i 1??? med Haagen H. Birkelund i Birkelund under Brandsvika på Tustna.
  7. Johanna K. Fugelsnes (1860–1???) gifta seg med Johan H. Sandvik i Hylla under Sandvika på Tustna.
  8. Imanuel K. Fugelsnes (1863–1???) busette seg på Nordlandet i Kristiansund og arbeidde som skomakar der.
  9. Ola K. Fugelsnes (1865–1???) gifta seg med Maria Arntsdt. Sandvik, og dei tok over Sandvika på Tustna.

I folketeljinga i 1865 er Indre Fuglsnes ført opp med ein hest, 4 kyr, 12 sauer, 4 geiter og ein gris. Dei sådde 2½ tynne havre og sette 1 tynne poteter.

[endre] Hennaslekta

[endre] 1868–1885

Etter at Kristoffer K. dødde i 1868, vart bruket selt på auksjon. Kjøparen var Augustinus Holgerson Henden frå Henna i Valsøyfjorden. Han og kona, Karen Jonsdt. (1829–1???) frå Valsøyfjorden, hadde to born: 1) Hanna (1860–1???); og 2) Margrethe (1863–1???).

  1. Hanna Augustinusdt. (1860–1???) tok over bruket.
  2. Margrethe Augustinusdt. (1863–1???) gifta seg med Fredrik J. Steen frå Tyrhaug på Edøya. Dei busette seg i Ytre Knarvika på Tustna.

[endre] 1885–1920

Hanna Augustinusdt. gifta seg med Ole K. Lervåg frå Vikamyra under Lervågen på Tustna. Dei fekk skøyte på bruket i 1885. Dei hadde fem born: 1) Karen Berntine (1884–19??); 2) Kristen (1886–1???); 3) Beret (1888–19??); 4) Augustinus (1891–19??); og 5) Johanna (1893–19??).

  1. Karen Berntine Olsdt. Fugelsnes (1884–19??), gift med Nils M. Sagvik og busett i Sagvika på Stabblandet.
  2. Kristen O. Fugelsnes (1886–1???), dødde ung.
  3. Beret Olsdt. (1888–19??), emigrerte til Amerika.
  4. Augustinus O. Fugelsnes (1891–19??), tok over bruket.
  5. Johanna Olsdt. Fugelsnes (18931961, gifta seg med Johannes K. Fugelsnes frå bnr. 2, Ytre Fugelsnes. Dei kjøpte Olvika på Ertvågsøya i 1917 og vart buande der.

[endre] 1920–1972

Augustinus O. Fugelsnes (1891–19??) tok over bruket av foreldra i 1920. Han vart ikkje gift, og Indre Fuglsnes vart ståande øyde da han dødde. I 1972 vart bruket kjøpt av brukaren på Ytre Fuglsnes, og sidan den tid har heile Fuglsnes-garden vore eitt bruk att med eitt bruksnummer.

[endre] Bnr. 2, Ytre Fuglsnes

Beiningskorg etter Ingeborg Rasmusdt. Sandnes, som budde på Fuglsnes i sine eldre år. Foto: Olve Utne
Beiningskorg etter Ingeborg Rasmusdt. Sandnes, som budde på Fuglsnes i sine eldre år.
Foto: Olve Utne
Det einaste bildet som finst av Kristoffer K. Fugelsnes (1850–1934). Kristoffer sitt fremst til høgre.
Det einaste bildet som finst av Kristoffer K. Fugelsnes (1850–1934). Kristoffer sitt fremst til høgre.
Dette bildet vart teke under gravferda til Ane J. Fjellingsdal på Ytre Fuglsnes i 1931. Vi ser det gamle våningshuset i bakgrunnen. (Foto: anon.)
Dette bildet vart teke under gravferda til Ane J. Fjellingsdal på Ytre Fuglsnes i 1931. Vi ser det gamle våningshuset i bakgrunnen. (Foto: anon.)

[endre] Fotnotar

[endre] Kjelder

Personlege verktøy