Frostating
Frå Safon.org
Frostating eller Frostatinget (norr. Frostuþing) var namnet på Trøndelagens lovområde, fellestinget, sidan det hadde sete på Loktu (Logtun) på Frosta.
Ein er uviss på kva tid Frostatinget begynte virket sitt, men trur at det går heilt tilbake til 400-talet og omfatta dei åtte gamle trøndelagsfylka Eynafylki, Sparbyggiafylki, Verdølafylki, Skeynafylki, Stjórdølafylki, Strindafylki, Gauldølafylki og Orkdølafylki.
Dagens Frostating, Frostating lagmannsrett, omfattar fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal og har sete i Trondheim.
[endre] Frostatingsseglet
Frostatingsseglet er eit segl som syner kong Magnus Lagabøte på St. Hansdag i 1274 medan han sitt på trona og gjev lagmannen for Frostatinget den nye Frostatingsloven. Fire tingbønder sitt til vinstre for kongen; kongen i midten med krona på hovudet og septeret i handa og med den norske loven under føtene. Nedst i seglet er det to bogeskyttarar; den eine siktar på eit ekorn, medan den andre siktar på ein fugl. Både ekornet og fuglen sitt i kvart sitt tre.
Originalen til Frostatingsseglet er i det norske Diplomatariet, og står i eit dokument datert 1. juni 1453, trykt i Diplomatarium Norvegicum VIII no. 349[1].
[endre] Sjå òg
[endre] Fotnotar
- ↑ Frosta i gammel og ny tid, s. 82–83.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Frostatinget» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
