Francis Beaufort - Safon.org

Francis Beaufort

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Francis Beaufort var ein irsk hydrograf og admiral i den britiske Royal Navy som er mest kjent for å ha etablert beaufortskalaen.

Francis Beaufort vart fødd i Irland den 7. mai 1774, reiste til sjøs som 13-åring og gjorde ei snøgg karriere i marinen. Han var svært interessert i meteorologi og førte ei vêrdagbok under heile yrkeslivet sitt. Under dei første åra med eige befäl gjorde han hydrografiske målingar i ulike deler av verda — blant anna i Middelhavet og i Sør-Amerika, og han begynte òg å skissere den vindskalaen som skulle gjera honom kjent for ettertida. Etter ein skotskade under patruljeteneste mot sjørøvarar i Middelhavet fekk han administrative oppdrag i admiralitetet med admirals tittel for resten av det yrkesaktive livet sitt og med ansvar for blant anna hydrologi og meteorologi. Han vart pensjonert frå marinen i 1855 ved 81 års alder og døydde to år etter.

Mest kent er Beaufort for vindskalaen sin, som han utvikla i 1806 og som i omarbeidd form har vorte ståande som global standard for sjøfarande og som òg har påverka sivil meteorologi. Skalaen er eit forsøk på å skapa eksakte verdiar for dei vindopplysningane som blir innførte i loggbøker og annan dokumentasjon i staden for dei vage og sterkt subjektive skildringane som sjøfolk hadde bruka til da.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy