Folke-eventyr frå Nordmør - Tosken
Frå Safon.org
[endre] Tosken
(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 10. juli 1915.)
Det var ein gong ei kjerring som hadde ein gut som var so toskut.
So skulde han i veg og krevja toll på ei bru.
Den fyrste som kom var ein mann med eit smørlass. Han hadde ikkje pengar, og so fekk guten smør i toll. Og det tok han og la i ei ved og hadde på ryggen og bar i solskinet. So rann smøret vekk.
Da han kom heim da, so sa ho det, mora:
«Du måtte da havt smøret i ein dall lel, du din tupp!»
So fekk han med seg ein dall. Den gongen fekk han eit kje i toll. Og det tok han og hadde ned i dallen.
«Du måtte no vel leidd kjeet i eit band!» sa mora.
So fekk han med seg eit band.
Da fekk han brennevin til toll.
Og det tok han og slo ned i trøye-erma si.
«Nei du er umogeleg, du!» sa mora. «Du må sjå til å gifta deg. Kanskje det da blir likare for deg.»
So reiste han i veg og skulde få seg ei kjerring. Han fekk i ei som heitte Sølvi.
So var det ein dag at mora og ho Sølvi skulde i veg og kjøpa til bryllaups.
Guten skulde vera heime.
«Du må fjøra upp deg lite grand, test vi kjem att, og so må du koka kjøt,» sa mora.
«Kva eg skal ha ned i kjøtet da?» sa han.
«Tak det grønaste du ser ned i hagen!» svara mora.
Det grønaste han såg ned i hagen, tykte han, var ein grøn stakk åt mora. Og so tok han og drap katta. Desse hakka han saman og koka til sodd.
So skulde han til å fjøra seg upp. Og so fann han i fjørdyna åt mor si og tok henne og sprette ho upp.
So smurde han seg dugleg med tjøre over heile kroppen, og so rulla han seg ned i fjørdungen. So sette han seg på hoggstabben, og der sat han da dei kom att.
So vart det no bryllaup da. Um kvelden skulde dei leggja seg ned i koven. Da det leid på natta vilde brura ut ein sving. Men han var so redd for å sleppa ho ut. So batt han ho i eit reip. Og han sjølv låg att inni senga og heldt i enden.
Da ho Sølvi kom ut, fann ho ei geit og knytte i reipet. So for ho sin veg.
Han drog åt seg reipet og trudde det var ho Sølvi som kom inn att og la seg attmed han.
Um morgonen da det tok til å ljosna, so sette han i åt ho mor si:
«Mor! mor! Brura mi har horn! Mor mor! Brura mi har horn!»
«Å, du din tosk! Det er da berre hårflettone hennar som er so,» sa mora.
So kom mora og bryllaupsfolket ut i koven og fekk sjå kva det var.
So sprang han ikring skogane og leita etter ho og ropa:
- «Sølvi! Sølvi!
- tausa mi!
- Sølvi! Sølvi!
- tausa mi!»
[endre] Ordforklaringar
- ved = ein seig snara kvist som kan brukast til band, vidje
[endre] Anmerkninger
Ved Reidar Christiansen
E. L. 1,3. Se N. E. nr. 1685 (1696). Historien om den dumme gutten går igjen over hele landet (ca. 20 optegnelser). Slike eventyr som består av en lang række episoder, er mere utsat for ændringer og forkortelser end andre, og Langsets opskrift er dertil betydelig avslitt og forkortet. En fuldstændig version, hvor de fleste episoder er med, har vi i Asbjørnsen og Moes «Gale Mattis» fra Ringerike. Han har mange slegtninger utenlands, rundt om i Europa. Alt i året 1560, i en tysk liten samling med lystige historier, finder vi hans oplevelser fortalt, og fra 1586 har vi hans historie gjengit på latin og på vers.
