Folke-eventyr frå Nordmør - Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit

(Frå Surnadal, Nordmør. Fortalt 10. juli 1915.)

Det var ein gong at Storoksen skulde på setra og gjera seg feit. Da han hadde gått eit stykke, so trefte han ein hane.

«Kukke-lure-luur!
kvar vil du, du?»

sa han med grant fint mål.

«Eg vil på setra og gjera meg feit,» sa Storoksen. Han hadde so grovt eit mål.

«Skal eg få vera med, eg?» sa hanen.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» svara oksen.

So gjekk dei eit stykke. Og so trefte dei ein hare.

«Hutte-tutte-tu!
kvar vil de, de?»

«Vi vil på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vera med, eg?» sa haren.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

Og so gjekk dei eit stykke att. So trefte dei ein bukk.

«Mhæ-æ-æ-æ-æ!
kvar vil de, de?»

spurde bukken.

«Vi skal på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vera med, eg?» spurde bukken.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

So gjekk dei eit stykke att. Og so møtte dei ein galt.

«Øff! øff! øff! øff!
kvar vil de, de?»

segjer galten.

«Vi skal på setra og gjera oss feite,» sa oksen.

«Skal eg få vera med, eg?» sa galten.

«Gjerne, gjerne, gjerne, gjerne det!» sa oksen.

So kom det på setra og gjekk inn på skjelet. Og so sette han seg sjølv, Storoksen, frami høgsætet, og haren sette han uppi benken attmed seg. Bukken sette han uppå bordet, galten under bordet, og hanen uppfor døra.

So kom det ein rev og ein bjørn på setra. Dei fekk høyra det var noko inni skjelet, og so skulde dei sjå dit.

Men det var ikkje nokon som vilde gå inn tå dei. So sa han det bjørnen åt reven:

«Du må gå inn, du. Du er sløgast, du.»

«Nei, du må gå, du. Du er sterkast du,» sa reven.

So gjekk han bjørnen, og for burt åt oksen. Og so tok oksen han på horna sine og kasta han burtpå bordet åt bukken.

Og so stanga bukken han so han rulla under bordet. So tok galten åt han der. Og haren og hanen, dei gjorde leven på kvar sin måte på benken og uppfor døra. Da vart bjørnen so redd at han luffa ut att.

«Kor gjekk det?» sa reven. Han stod utanfor og venta.

«Hadde du kome inn der, so hadde du aldri kome ut att meir,» sa bjørnen. «Der sat no ein kvit mann frami høgsætet. Og han tok meg på horna sine og kasta meg frampå bordet. Der sat det ein skreddar. Han stakk med nåla si so eg rulla under bordet. Og der var det ein stygg mann som vilde til å teksla traug tå meg. Men so sprang det ein kar uppi benken og ropa:

«Kvar er spunsbila mi?
kvar er spunsbila mi?»

Og hadde han kome ned, so hadde eg ikkje kome meg ut att.

Men so stod det no ein kar uppfor døra og ropa

«Ta fatt på kara!
Ta fatt på kara!»

Men hadde han kome ned, so hadde eg no aldri i verda kome meg ut att.»

[endre] Ordforklaringar

  • skjelet = seterstova
  • 'teksla traug tå meg = hola meg ut til trog med ei teksle (diksel).
  • spunsbila = ei lita øks

[endre] Anmerkninger

Ved Reidar Christiansen

E. L. 1,11. Se N. E. nr. 130. Også dette eventyret er kjendt rundt om i landet. Der er skrevet en lærd bok om dette eventyret, (Anti Aarne: Die Tiere auf der Wanderschaft), og der eftervises det at alt ca. 1200 må vort eventyr ha været kjendt i Europa. Op til Norge er det vistnok kommet søndenfra. En av de mest kjendte gjengivelser er den tyske digter Hans Sachs's, fra 1551, hvor dyrene jager to ulver ut av huset. Men alt i det 12te århundrede læser vi historien om husdyrene, som skulde slagtes, og som lot sig overtale av ræven til at gå på pilgrimsfærd, her er det ulven, Hr. Ysengrimus, som bliv jaget ut av det hus hvor de overnatter.

Personlege verktøy