Folke-eventyr frå Nordmør - Kråke Lange - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Kråke Lange

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Kråke Lange

(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 27. august 1915.)

Det var ein gong ei kjerring som heitte Kråke Lange. Ho hadde tvo døtter: ei styggdotter og ei rettdotter.

Styggdotra laut gjæta all veg, både helg og yrke, korleis veret var. Rettdotra fekk gå åt kyrkja når ho vilde. Men styggdotra fekk aldri åt kyrkja. Ho laut um sundagane òg gå i stygge fillor.

So gjekk ho og gret ein sundag. Da fekk ho sjå det rauk or ei tuve. So kom det ut ei gamal kjerring.

«Kva du græt for du, fjeret mitt?» sa ho.

«Eg græt for det eg lyt gå og gjæta kvar sundag og får aldri åt kyrkja.

«Vil du gjeva meg tå maten din, so skal eg låna deg klæde. Og so skal eg gjæta for deg, so får du åt kyrkja.»

Det vilde ho gjerne.

So fekk ho so fine klæde, og ein blakk hest og sadel.

«Når du slepper hesten, so ringlar du beislet, — da kjem han burt,» sa kjerringa. «Når du kjem ut or kyrkja, so ringlar du beislet, — da kjem han att.

No kjem du so seint at presten har teke til å preika. So set du deg i tridje stolen framanfrå. I fremste stolen sit kongssonen. Han vil kasta noko mot deg. Men du skal kasta det i han att. Og tek han noko frå deg, so bry deg ikkje um det. Lat han berre ha det.

Når presten går ned tå preikestolen, skal du gå ut snarast du kann og ringla med beislet, so kjem hesten. Og so rid du.»

So gjorde ho slik.

Kongssonen vart so glad i ho. Han kasta snushornet sitt burtåt ho. Men ho kasta det i han att.

Da presten gjekk tå preikestolen, for ho ut og ringla med beislet, og hadde seg på hesten. Kongssonen kasta seg òg på hesten sin. Han kom so nære at han tok gullpisken hennar.

«Bi, bi! skal du få din gullpisk att!» sa kongssonen.

«Hør du! Min smådreng hentar min gullpisk att.»

So reid ho burt åt tuva og skifte klæde. So for ho heim med buskapen, og so sette ho seg i gruva og tutra og fraus.

No kom òg rettdotra heim att frå kyrkja. Ho fortalde at det var ei fin jomfru med kyrkja i dag. Ho var so fin at dei nettupp tolde å sjå ho, — so blank var ho. Og prinsen la ut etter ho. Men ho reid sin veg. Han fekk berre i gullpisken hennar.

Da gret ho, ho burti gruva.

«Det er noko fælt for dykk som får gå åt kyrkja og sjå slik herleg-dom. Slik er det ikkje for meg,» sa ho.

Det er sannleg åt deg at du får gå i gjætsleskogen, du, og so um kveldane liggja burti gruva og blåsa i oska,» sa styggmora.


Sundagen etter att, so fekk rettdotra ha på seg nyklæda og gå åt kyrkja. Men styggdotra laut ut i skogen i fillone sine og til å gjæta. So tok ho til å gråta. Da fekk ho sjå det rauk or ei tuve. Og so kom ho ut, denna gamle kjerringa.

«Kva du græt for du, fjeret mitt?» sa ho.

So vart det slik som sist. Ho fekk tå maten hennar, og ho gjætte for ho. Og no fekk ho seg enda finare klæde. Dei var so blanke som sola.

«No må du setja deg i andre stolen,» sa ho. «Og kastar kongssonen noko åt deg, så hiv det i han att.»

So ringla ho med beislet, so kom hesten, og det bar åt kyrkja. Og kongssonen vart so glad i ho. No kasta han gull-lykelhonka si åt ho. Men ho hiva ho i han att.

Ho kom i hug kva kjerringa sa åt seg:

«Når du ser presten kjem ned tå preikestolen, so skal du vera i flukta. Og da er han etter deg komen, kongssonen. Men du skal ringla med beislet og kasta deg på hesten. Og um han når i deg, og tek noko frå deg, so lat han ha det.

Den gongen nådde han so langt atti ho at han tok gullhansken hennar.

«Bi, bi! skal du få din gullhanske att!» sa kongssonen.

«Hør du! Min smådreng hentar min gullhanske att.»

So reid ho burt åt tuva og skifte klæde som sist og kom heim med buskapen. So for ho burti gruva og rota i oska og vermde seg. Ho var no frosa ho som hadde vore i gjætsleskogen.

So kom rettdotra heim att frå kyrkja. Og ho fortalde at det i dag òg var ei jomfru med kyrkja, og ho var enda finare. Og det Iyste tå klæda hennar som tå sola. Og prinsen la ut etter ho. Men ho reid sin veg. Han fekk berre i gullhansken hennar.

«Det er svært for dykk som får gå åt kyrkja og sjå slikt overlag. Slik er det ikkje for meg,» sa ho, styggdotra.

«Det er passeleg åt deg å gå burti gjætsleskogen, du som ikkje er til noko anna enn å liggja burti oska og blåsa,» sa ho, styggmora.


Sundagen etter att so fekk rettdotra gå åt kyrkja. Men styggdotra laut ut i skogen og gjæta. So tok ho til å gråta, og so kom ho denna gamle kjerringa. So vart det som sist. Og no fekk ho all finaste klæda.

«No må du setja deg i fremste stolen,» sa ho.

Og so sa ho det åt ho, det ho sa sist.

So kom ho åt kyrkja. Og folket vart so fortapt tå å sjå på denna fine jomfrua at dei høyrde mest ikkje kva presten sa. Og han heldt på og skulde koma tå preika.

Og kongssonen vart enno gladare i ho no, hell fyrr òg. No kasta han gulluret sitt åt ho. Men ho var so stor på det at ho kasta det berre i veg att.

Da presten gjekk ned tå preikestolen, so for ho ut og ringla med beislet. So kasta ho seg på hesten. Men no var kongssonen komen so nære at han fekk i gullskoen hennar.

«Bi, bi! skal du få din gullsko att,» sa han.

«Hør du! Min smådreng hentar min gullsko att.»

So kom ho åt tuva og bytte klæde som fyrr, og hadde heim buskapen, og sette seg burti gruva.

Det vart seint fyrr rettdotra kom heim den sundagen. Folket vart ståande lenge og talast med utanfor kyrkja um denna fine jomfrua.


No for kongssonen frå gard til gard og spurde etter ho som hadde so fine klæde.

So kom han åt ho Kråke Lange og.

So spurde han um ho hadde nokor dotter. Ja, det hadde ho. So vilde kongssonen sjå ho. Rettdotra pussa seg upp og kom. Men ho kunde ikkje halda gullpisken, og foten var for stor åt gullskoen.

Da kom det ein fugl og sette seg på ljoren og song:

«Hogg tå hel,
og snipp tå tå! —
so måtar gullsko'n på.»

So gjorde dei det. No vart det so dei skulde reisa åt kongsgarden.

Da dei kom på vegen, song det ein fugl.

«Gullsko'n står full tå blod, —
Kråke Lange har tvo.»

«Kva han segjer denna fuglen? sa kongssonen.

«Det er ikkje verdt å høyra etter det. Han er ikkje ansande,» sa rettdotra.

So gjekk dei att. Men fuglen fylgde med frammed vegen og song:

«Gullsko'n står full tå blod, —
Kråke Lange har tvo.»

Da sa kongssonen:

«Kva han segjer fuglen?»

«Det er ikkje verdt å høyra etter det. Han er ikkje ansande,» sa rettdotra.

So gjekk dei att. Men fuglen fylgde med frammed vegen og song det same tridje gongen.

Da såg kongssonen etter. Og no fekk han sjå at skoen stod full tå blod. So snudde han um att åt ho Kråke Lange.

«Fuglen segjer du har tvo,» sa han.

«Ja, eg har alltid ei til; men ho er so ring. Ho kann ikkje koma framfor kongssonen, ho. Ho er ned i fjøset.»

«Ja — men lat meg få sjå ho lel.»

So la dei ned i fjøset.

«Du må inn no. Kongssonen vil tala med deg.»

«Nei, med meg vil han no vel ikkje tala!» sa ho.

«Jau, han segjer so.»

So for ho åt denna gamle kjerringa og fekk i klæda.

Og ho kunde bruka gullpisken, og ho måta skorne åt.

No vart ho med kongssonen heim.

Og rettdotra vart att med ho Kråke Lange, ho. Det var visst ikkje nokon som vilde ha ho.

So vart det bryllaup med kongssonen. —


Eg fær no der læst og skulde vera i det bryllaupet, eg òg. Men eg var no berre hønsegjætar, eg, og var berre simpelt klædd. So fekk eg med klavekjerringane ein smørklining og ein brødleiv, og ein erterpose.

So fekk eg høyra at ho Gulltann tok til å gøy, og da skyna dei det var noko på ferd, so vart dei so redde for hønone at eg laut springa ut. So kasta eg smøret og brødet i omnen, og ertra ned igjenom trappa.

So smøre te rinn,
og brøe te brinn
og ertra te kåpa.
So tripp, trapp,
i kroppen din i all natt. —
test du fortel meg eit slikt eit att.

[endre] Ordforklaringar

  • fælt, dette ordet tyder på Nordmør: gildt, grumt.
  • sannleg, høveleg, måtsamt, til pass for deg.
  • Eg fær no der læst og skulde vera i det bryllaupet, eg òg... Denne lange slutten brukar dei i Sunndalen å hekta atti alle eventyr som endar med eit staselegt bryllaup.
  • klavekjerringar, dei konone som reidde på bordet.
  • kåpa, trilla, rulla.

[endre] Anmerkninger

E. L 2, 122. Se N. E. nr. 519. Få eventyr er så kjendt og utbredt som dette, ikke bare hos os, men overalt hvor eventyr fortælles, og det vil si over hele verden. Bare fra Norge har vi over 40 optegnelser. For en del år siden skrev en engelsk dame et stort arbeide om dette eventyret, hvor hun samlet sammen alle de versioner hun kunde få tak i, og de løp op i mange hundrede, og siden den tid har man fåt rede på mindst like mange til. Navnet «Kråke Lange» på stedmoren er kjendt også i Valdres, her er hun en trollkjærring, som narrer en enkemand til at gifte sig med hende. Ellers falder Langsets eventyr godt sammen med de andre. Her er det underjordiske i en tue som hjælper, i sideformen nr. 19 er det en okse; i andre optegnelser får hun hjælp ved morens grav, og det er vel det oprindelige at det er den døde mor som hjælper hende. Kirkebesøket og skoepisoden er de mest karakteristiske drag i dette eventyr. Alt i antik tid fortæller forfatteren Strabo om en prinsesse, Rodope i Egypten. En ørn tok hendes sko, og la den for kong Psammetiks fot, og han lot søke over hele Egypten efter den som eiet skoen, og da han fandt hende, gjorde han hende til sin dronning.

Personlege verktøy