Folke-eventyr frå Nordmør - Kjerringa som åt so mykje - Safon.org

Folke-eventyr frå Nordmør - Kjerringa som åt so mykje

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulde i veg og byggja skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storoksen som skulde på setra og gjera seg feit
  5. Kall-dotra og kjerring-dotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt so lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjelpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt so mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-oksen
  20. Høna som skulde åt kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

[endre] Kjerringa som åt so mykje

(Frå Sunndalen, Nordmør. Fortalt 26. august 1915.)

Det var ei gamal kjerring som sopa golvet. So fann ho ei skrå.So åt ho upp ho. So sopa ho att. Da fann ho ein skrålapp. So åt ho upp han. Og so sopa ho burti råa. Da fann ho ei lus. Og so åt ho upp ho.


Da gjekk ho ut. So trefte ho haren.

«God dag!» sa han.

«God dag att!» sa ho. «Eg er fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen og lusa burti råa. Eg et vel upp hare hoppande og, eg.»

So åt ho upp haren.


So gjekk ho eit stykke. Da møtte ho reven.

«Godt mot!» sa han.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er no fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande. Eg et vel upp rev springar og, eg.»

So åt ho upp reven.


So gjekk ho eit stykke. Da møtte ho vargen.

«Godt mot!» sa han.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er no fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande, og rev springar. Eg et vel upp varg rennar og, eg.»

So åt ho upp vargen.


So gjekk ho eit stykke att. Da møtte ho bjørnen.

«Godt mot!» sa han.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er no fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande, og rev springar og varg rennar. Eg et vel upp bjørn bultande og, eg.»

So åt ho upp bjørnen.


So gjekk ho eit stykke att. Da møtte ho ein mann som kom med eit beitelass.

«Godt mot!» sa han.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er no fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande og rev springar, og varg rennar og bjørn bultande. Eg et vel upp mannen og hesten med beitelasset òg, eg.»

So åt ho upp mannen og hesten med beitelasset.


So gjekk ho eit stykke. Da møtte ho tvo gjentor med klædebyttor.

«Godt mot!» sa dei.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er no fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande, og rev springar, og varg rennar og bjørn bultande, og mannen og hesten med beitelasset. Eg et vel upp drekene med klædepara òg, eg.»

So åt ho upp drekene med klædepara.


So gjekk ho eit stykke. Da møtte ho galten.

«Godt mot!» sa han.

«Godt mot att!» sa ho. «Eg er fastande i dag, eg. Eg har ikkje ete anna enn skråa og skrålappen, og lusa burti råa, og hare hoppande, og rev springar, og varg rennar, og bjørn bultande, og mannen og hesten med beitelasset, og drekene med klædepara. Eg et vel galten med bustene på òg, eg.»

«Ja, du må luska meg fyrst!» sa galten.

Da rota han hol på ho.

So kom det ut or ho: Gjentone med klædepara, og mannen og hesten med beitelasset, og bjørnen bultande, og varg rennar, og rev springar, og hare hoppande, og lusa burti råa og skrålappen og skråa.

Og tripp, trapp,
i kroppen din i all natt, —
test du fortel meg eit slikt eit att.

[endre] Ordforklaringar

  • skrå, sko.
  • beit, ris, småkvist til mat åt geit og ku.

[endre] Anmerkninger

E. L. 2, 118. Se N. E. nr. 333. Denne historien om en som spiste så meget, en kjerring som her, eller en kjætte i andre versioner, ligner de andre eventyrene som vokser og vokser.

I denne form her er det velkjendt rundt om i verden.

Personlege verktøy